Madeleine Berthod
Madeleine Berthod | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 1. februar 1931 (93 år) Château-d’Oex |
Idrett | alpint |
Tok del i | alpine skiing at the 1956 Winter Olympics – ladies' downhill, Vinter-OL 1952 |
Utmerkingar | Årets idrettsutøvar i Sveits |
Madeleine Berthod (fødd 1. februar 1931) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Château-d’Œx i kantonen Vaud. Ho vart olympiameister i utfor 1956, og verdsmeister i kombinasjonen slalåm/utfor same året.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Berthod deltok under Vinter-OL 1952 i Oslo, der ho fekk med seg to sjetteplassar i høvesvis slalåm og utfor. Under verdsmeisterskapen i alpint 1954 i Åre vann ho to sølvmedaljar, ei i storslalåm bak franske Lucienne Schmitt og i kombinasjonen slalåm/utfor bakom landsmannen Ida Schöpfer. I sjølve utforrennet hamna ho på femteplassen.
Under Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo vann Berthod ein suveren siger i utforrennet. Med tida 1.40,7 var ho 4,7 sekundar føre landsmannen Frieda Dänzer i mål. Same staden gjekk Berthod også til topps i verdsmeisterskapen i den alpine kombinasjonen. Ho deltok også i Vinter-OL 1960, der ein delt niandeplass i storslalåm var hennar beste resultat.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Madeleine Berthod» frå Wikipedia på tysk, den 13. januar 2012.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1931
- Sveitsiske alpinistar
- Olympiske meistrar for Sveits
- Verdsmeistrar i alpine greiner
- Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1952
- Alpinistar under vinter-OL 1952
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1956
- Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1956
- Alpinistar under vinter-OL 1956
- Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1960
- Alpinistar under vinter-OL 1960