Hopp til innhald

Monte Grappa

Koordinatar: 45°51′N 11°44′E / 45.850°N 11.733°E / 45.850; 11.733
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Monte Grappa
fjell
Kart
Monte Grappa
45°52′24″N 11°47′57″E / 45.873333333333°N 11.799166666667°E / 45.873333333333; 11.799166666667
Wikimedia Commons: Monte Grappa
Monte Grappa

Monte Grappa er eit fjell i Veneto i Italia med ei høgd på 1 776 meter over havet. Fjellet er ein del av lavberga ved foten av Alpane og er delt mellom provinsane Vicenza, Treviso og Belluno. Fjellet var åstad for eit kjent slag under den første verdskrigen.

Slaget ved Monte Grappa, stundom kalla «Den italienske thermopylene», vart utkjempa av Italia mot troppar frå Austerrike og Tyskland i november og desember 1917. Fjellet var den siste forsvarslinja mellom den austerriksk-tyske hæren og venetianarane. Totalt fall 24 000 italienarar, over 4 000 engelsk- og franskmenn og over 100 000 austerrikarar. I eit mausoleum like under fjelltoppen ligg gravlagd 25 000 italienske og austerrikske soldatar som døydde i slaget.

Grappa-massivet, med fleire nabotoppar, er òg kjend for den tradisjonelle osten Bastardo del Grappa. Terrenget er eit populært mål for syklistar.

45°51′N 11°44′E / 45.850°N 11.733°E / 45.850; 11.733