Lunisolarkalender
Utsjånad
Ein lunisolarkalender er ein kalender som byggjer både på den synodiske månaden (perioden til månefasen) og det tropiske året (perioden til årstidene). Eit døme på dette er den jødiske kalenderen. Sola og månen har frå dei tidlegaste tidenen vore nytta som tidsmålerar. Sola er årsak til vekslinga mellom dag og natt og til dei regelmessige årstidene, månen gjev med sine stadig vekslande fasar ei mindre tidseining, månaden.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Lunisolarkalender», Store norske leksikon, 2012, 24. januar, henta 13. august 2014