Lezhë
Lezhë | |||
---|---|---|---|
Utsyn over Lezhë frå borga | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Lezhë | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
515 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2011) |
65 633 | ||
Koordinatar | 41°47′0″N 19°38′0″E / 41.78333°N 19.63333°E | ||
Høgd over havet | 10 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://lezha.gov.al/ | |||
Plassering | |||
Lezhë kommune innafor regionen Lezhë |
Lezhë er ein by og ein kommune i regionen Lezhë i Albania. Kommunen ligg ved havet nord i landet og grensar i nord til regionen Shkodër.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Lezhë vart slått saman med landkommunane Shëngjin, Zejmen, Shënkoll, Balldren, Kallmet, Blinisht, Dajç, Ungrej og Kolsh.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Lezhë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 15 510 innbyggjarar, medan dei ti kommunane som i dag utgjer storkommunen Lezhë, til saman hadde 65 633 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Lezhë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Lezhë,[2]