Hopp til innhald

Lars Larssen Forsæth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Larssen Forsæth

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1759
Klæbu kommune
Død

12. februar 1839 (79 år)
Klæbu kommune

Yrke bonde, politikar
Språk norsk
Lars Larssen Forsæth på Commons

Lars Larssen Forsæth (175912. februar 1839) var ein norsk gardbrukar, klokkar og eidsvollsmann frå Klæbu.

Forsæth var gardbrukar på farsgarden Forset heimbygda Klæbu. Frå 1812 var han i tillegg klokkar i Klæbu. Forsæth var også med i forlikskommisjonen. Han stod for bygginga av Klæbu kyrkje, og for bygginga av ei demning i Nidelva. Han er saman med Svend Aspås rekna som arkitekt for Støren kyrkje.[1]

I 1814 var Forsæth utsending frå Søndre Trondhjems amt til riksforsamlingaEidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet. 17. mai 1814 var han med i deputasjonen som møtte den nyvalde kongen, Kristian Fredrik.

Forsæth vart tildelt både Dannebrog og seinare borgardådsmedaljen. Han døydde på Forset-garden i 1839. Paul Larssen Forsæth var bror hans.

  1. Avisa Fjell Ljom oppgir Lars Forseth mens Kirkesøk oppgir Claus Larssøn Forseth.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]