Lausitzer Bergland
Lausitzer Bergland er ei låg, åslendt fjellkjede aust i Tyskland og i Tsjekkia. Han ligg i Lausitz i Sachsen mellom Sveitsisk Sachsen i vest og Neisse i aust. I sør går ho over i Lausitzerfjella, der Zittaufjella ofte vert rekna som ein del av Lausitzer Bergland. Šluknov Hook i Tsjekkia vert òg stundom rekna som ein del av fjellkjeda.
Lausitzer Bergland er eit kjent turistområde som er vist i fleire filmar. Ho er kjend for sitt vakre landskap og pittoreske byar med kyrkjer i barokkstil og trehus.
Populære turistbyar i området er Schirgiswalde, kjend for karnivalet i Lausitz, Šluknov med den kjende botaniske hagen, og Rumburk med eit bysentrum frå mellomalderen. Andre byar er Ebersbach, Großschönau, Sohland an der Spree, Kirschau, Crostau og Wehrsdorf.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lausitzer Bergland frå Engelsk Wikipedia .