Hopp til innhald

Lorient

Koordinatar: 47°44′N 03°09′W / 47.733°N 3.150°W / 47.733; -3.150
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lorient
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bretagne
Morbihan
Geografi
Flatevidd 17,48 km²
Flatevidd
 - By

17,48 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik
 - Storbyområde

59 189
  3 386/km²
186 144
Koordinatar 47°44′N 03°09′W / 47.733°N 3.150°W / 47.733; -3.150
Høgd over havet 16 m
Diverse anna
Heimeside: www.lorient.fr

Lorient eller L'Orient, (bretonsk: An Oriant) er ein kommune og hamneby nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) departementet Morbihan i Bretagne. Byen har like over 60 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 1999 hadde 186 144 innbyggjarar.

Lorient ligg på sørkysten av Bretagn ved kysten av Atlanterhavet. Elvane Blavet og Scorff munnar ut i Biscayabukta ved Lorient.

På byrjinga av 1600-talet hadde handelsmenn som handla med India oppretta i varehus i Port-Louis. Dei bygde seinare fleire varehus langs bukta i 1628, på staden som vart kjend som L'Orient (orientenfransk). Det franske austindiske kompani vart grunnlagd her i 1664 og med løyve frå Kong Louis XIV vart det bygd eit skipsverft her, som hjelpte utviklinga av byen.

Det meste av byen vart øydelagd under den andre verdskrigen, og i dag har Lorient ein ariktektonisk stil frå 1950-åra.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lorient