Hopp til innhald

Loreto-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Loreto
Luritu
region
Flagg
Symbol
Land  Peru
Hovudstad Iquitos
Areal 368 773,16 km²
Folketal 883 510 (2017)[1]
Kart
Loreto-regionen
4°00′S 74°19′W / 4°S 74.32°W / -4; -74.32
Kart som viser Loreto-regionen.
Kart som viser Loreto-regionen.
Kart som viser Loreto-regionen.
Wikimedia Commons: Loreto Region

Loreto-regionen (spansk Región Loreto, quechua Luritu suyu) er regionen i Peru med størst flatevidd og ligg lengst nordaust i landet. Folkesetnaden var 883 510 i 2017, arealet er 368 773 km² som er noko større enn til dømes Tyskland i Europa. Om lag halvparten av folkesetnaden bor i regionhovudstaden Iquitos.

Han har grenser mot Ecuador i nordvest, mot Colombia i nord og mot Brasil i aust. Han har grenser mot andre peruanske regionar, i vest mot Amazonas-regionen, og i sør mot: San Martín, Huánuco og Ucayali.

Politisk inndeling i provinsar

[endre | endre wikiteksten]

Regionen er delt inn i åtte provinsar, som samla inneheld 48 distrikt. Provinsane er, med hovudstader i parentes:

  • Alto Amazonas (Yurimaguas)
  • Datem del Marañón (San Lorenzo)
  • Loreto (Nauta)
  • Mariscal Ramón Castilla (Caballococha)
  • Maynas (Iquitos)
  • Requena (Requena)
  • Ucayali (Contamana)
  • Putumayo (San Antonio del Estrecho)
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://censos2017.inei.gob.pe/redatam/; vitjingsdato: 12. juli 2019.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Loreto-regionen