Lolland
Lolland | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Austersjøen |
Koordinatar | 54°46′10″N 11°25′28″E / 54.76944°N 11.42444°E
|
Areal | 1 243 km²
|
Administrasjon | |
Land | Danmark |
Kommune | Lolland kommune og Guldborgsund kommune |
Største busetnad | Nakskov (15 500 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 68 224 (2006) |
Folketettleik | 55 /km² |
Lolland (tidlegare stava Laaland) er den fjerde største øya i Danmark med eit areal på 1 243 km². Ho ligg i Austersjøen. Lolland er delt i to kommunar; Lolland kommune og Guldborgsund kommune.
Den høgaste toppen på heile øya er berre 25 meter høg, og var ein viktig stad for kommunikasjon for tyskarane under den andre verdskrigen. Toppen ligg like utanfor landsbyen Horslunde. Tidlegare voks det raudbete på øya.
Den største tettstaden på Lolland er Nakskov, med 15 500 innbyggjarar. Andre tettstadar er mellom anna Maribo, Sakskøbing (som var hovudstad i Danmark i ein toårsperiode på 1400-talet) og Rødby.
Styresmaktene i Danmark og Tyskland planlegg å knyta Lolland til den tyske øya Fehmarn via Fehmarnbæltbrua. E47 frå København kryssar Guldborgsund mellom Lolland og Falster via ein moderne tunnel, men motorvegen endar for tida ved Rødby, der ei ferje tar bilane over til Fehmarn. To eldre bruer går òg over sundet mellom Lolland og Falster, Frederik IX-brua og Guldborgsundbrua nord i sundet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lolland» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kart over Lolland og Falster Arkivert 2006-08-22 ved Wayback Machine.