Love Me Two Times
Utsjånad
Love Me Two Times Singel av The Doors frå albumet Strange Days | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1967 | |
Innspelt | Mai og august 1967 | |
Sjanger | Blues rock, psykedelisk rock | |
Lengd |
| |
Selskap | Elektra | |
Tekstforfattar | Robby Krieger | |
Låtskrivar(ar) | Robby Krieger | |
Produsent | Paul A. Rothchild | |
The Doors-kronologi | ||
«People Are Strange» (1967) |
Love Me Two Times | «The Unknown Soldier» (1968)
|
«Love Me to Times» er ein song av The Doors. Han var skriven av bandet og kom først ut i 1967 på albumet Strange Days. Songen vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet (etter «People Are Strange») og nådde 25. plass på lista i USA.[1]
Ray Manzarek spelte den endelege versjonen av songen på ein clavinet (ei moderne utgåve av klavikord), ikkje ein cembalo.
«Love Me Two Times» vart rekna som litt for vågal for kunne spelast på radio då han kom ut.
Teksten var skriven av gitarist Robby Krieger. I følgje bandmedlemmane omhandlar songen ein soldat eller sjømann den siste dagen med kjærasten før han fer ut.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Jim Morrison – solovokal
- Robby Krieger – elektrisk gitar
- Ray Manzarek – cembalo
- John Densmore – trommer
- Douglass Lubahn - bassgitar
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]- I 1968 drog the Doors på Europaturne og gjorde konsertopptak av songen. Opptaket hamna på samleplata Alive, She Cried i 1983. Denne versjonen hadde ein annan keyboardsolo mellom versa som var langt mindre komplisert enn den første innspelinga. Han hadde òg fleire orgeleffektar enn originalen.
- I 1972 spelte the Doors songen på konsertar etter at Jim Morrison var død. Som ein trio var det Ray Manzarek som song solovokal (i tillegg til å spele orgel og pianobass).
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- «Love Me Two Times» vart spelt inn av Aerosmith for filmmusikken til Air America i 1990, og vart òg spelt av bandet på MTV Unplugged-konserten deira, der songaren Steven Tyler tileigna songen til Jim Morrison.[2] Versjonen deira frå 1990 nådde 27. plass på den amerikanske Mainstream Rock Tracks-lista. Songen vart òg gjeven ut på samlealbumet deira Young Lust: The Aerosmith Anthology.
- Pianist George Winston spelte songen på albumet Night Divides the Day - The Music of the Doors.
- Joan Jett spelte inn songen og gav han ut på samlealbumet The Hit List.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Love Me Two Times» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: