Lough Ennell
Utsjånad
Lough Ennell | |||
innsjø | |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Fylke | County Westmeath | ||
Innsjøtype | Bresjø | ||
Tilsig | Brosna | ||
Utløp | Brosna | ||
Høgd over havet | 81 moh. | ||
Lengd | 8 km | ||
Breidd | 4 km | ||
Koordinatar | 53°27′N 7°25′W / 53.450°N 7.417°W | ||
Lough Ennell 53°27′00″N 7°25′00″W / 53.45°N 7.4166666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Lough Ennell |
Lough Ennell er ein innsjø (på engelsk lough) i County Westmeath i Republikken Irland. Han ligg nær byen Mullingar.
Innsjøen er 8 km lang og 3-4 km brei. Lough Ennell er grunn og kjend for det gode aurefiske. Den største auren som er fanga på Irland (11,5 kg) vart fanga her.
Elva Brosna renn gjennom innsjøen. Ho renn ut i Lough Ennell på Mullingar-sida og renn ut på andre sida ved Lilliput. Lilliput i Gullivers Reiser av Jonathan Swift er kalla opp etter dette distriktet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lough Ennell» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2007.