Língua geral
Língua geral (portugisisk ˈlĩɡwɐ ʒeˈɾaw, 'generelt språk')[1] er to ulike lingua franca-språk frå Brasil. Língua geral paulista (tupi austral, eller sørleg tupi), blei tala i São Paulo-regionen på 1600- og 1700-talet, men er no utdøydd. Língua geral amazônica (tupinambá) blei tala i Amazonas og er opphavet til dagens nheengatu.
Begge språka var forenkla versjonar av klassisk tupi, talemålet til dei innfødde tupifolka. Då portuguisiske kolonistar kom til Brasil på 1500-talet møtte dei urfolk som snakka mange ulike språk, og byrja i tillegg å innføra slavar frå Afrika. Forsøk på å oppretta effektiv kommunikasjon førte til danninga av språk med element frå tupi, portugisisk og afrikanske språk.
Språka blei brukt i jesuittiske misjonsstasjonar i Brasil og av tidlege kolonisatorar, afrikansk-ætta slavar og ulike urfolksgrupper. Då jesuittane blei utviste frå Brasil på midten av 1700-talet og styresmaktene la større vekt på portugisisk byrja dei å bli svekka. Indre migrasjon og språkpolitikk i Brasil førte også til tilbakegang. Den amazonske varianten av språket har likevel blitt brukt til våre dagar, og er under namnet nheengatú (som tyder 'god tale') blitt utnemnd til offisielt språk i kommunen São Gabriel da Cachoeira.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Rohter, Larry. «Language Born of Colonialism Thrives Again in Amazon.» New York Times. 28. august 2005.
- Denne artikkelen bygger på «Língua Geral» frå Wikipedia på engelsk, den 21. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Campbell, Lyle (1997). American Indian Languages: The historical linguistics of Native America. New York: Oxford University Press. ISBN 0-19-514050-8
- Rohter, Larry. «Language Born of Colonialism Thrives Again in Amazon.» New York Times. 28. august 2005.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nheengatú i Catalogue of South American Languages
- Rodrigues, Aryon. 1996. As línguas gerais sul-americanas. Papia, 4(2), p. 6-18.
- Etnolinguistica.Org, a discussion list on native South American languages