Hopp til innhald

L'oiseau et l'enfant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«L'oiseau et l'enfant»
Song av Marie Myriam

Land Frankrike
Språk Fransk
Utgjeve 1977
Sjanger Chanson, pop
Lengd 03:05
Selskap Polydor[1]
Komponist Jean-Paul Cara
Tekstforfattar Joe Gracy
Låtskrivar(ar) Jean Paul Cara og Joe Gracy

«L'oiseau et l'enfant» (norsk omsetjing 'fuglen og barnet') er ein franskspråkleg chansonballade som vann Eurovision Song Contest 1977 for Frankrike. Songen blei framført av Marie Myriam og er komponert av Jean Paul Cara, med tekst av Joe Gracy. Songen fekk avgrensa kommersiell suksess etter sigeren og kom blant anna ikkje inn på VG-lista. Med unntak av 1970, då Noreg ikkje deltok, var dette fyrste gongen sidan 1966 at ein Eurovision-vinnar ikkje kom inn på den norske singellista.[2] «L'oiseau et l'enfant» var Frankrikes femte – og hittil siste – seier i Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest

[endre | endre wikiteksten]

Marie Myriam var ein av 14 deltakarar i den franske uttakinga til Eurovision Song Contest, arrangert av den franske kringkastaren TF1. I finalen i Paris 6. mars gjekk Myriam og «L'oiseau et l'enfant» sigrande ut med over 10 000 telefonrøyster. Songen blei dimed det franske bidraget til Eurovision Song Contest i London laurdag 7. mai.[3]

I Eurovision Song Contest var Frankrike det 18. og siste landet på scena, og til slutt vann Frankrike etter ei jamn og spennande avrøysting.[4] «L'oiseau et l'enfant» fekk 136 poeng, derav berre 3 poeng kom frå den norske jurygruppa, som hadde Irland som sin favoritt. Det franske bidraget fekk poeng frå alle dei andre landa, men den norske jurygruppa gav han den lågaste poengsummen.[5]

Etter Eurovision

[endre | endre wikiteksten]

Den franske sigeren var i stor grad uventa og overraskande, og i Norden fekk sangen mager suksess etter konkurransen. Den største suksessen dette året fekk det sveitsiske bidraget «Swiss Lady». I Noreg låg «Swiss Lady» 22 vekerVG-lista, mens «L'oiseau et l'enfant» ikkje tok seg inn på lista i det heile tatt.[6]

«L'oiseau et l'enfant» selde derimot til gull i Frankrike og fekk nytt liv nesten 40 år seinare. Årsaka var at UNICEF i 2016 brukte songen på albumet Tout le bonheur du monde i samband med prosjektet Kids United.[7] Songen dukka også opp på den franske singellista SNEP hausten 2016 og blei liggjande der januar 2017.[8]

Myriam spelte dessutan inn «L'oiseau et l'enfant» på fem språk: fransk, engelsk (som «The Bird and the Child»), tysk («Der Vogel und das Mädchen»), spansk («El zagal y el ave azul») og Myriams eget morsmål, portugisisk («A ave e a infância»).[9]

Listeplasseringar

[endre | endre wikiteksten]

«L'oiseau et l'enfant» med Marie Myriam:

Liste Høgaste
plassering
Veker
på lista
Inntreden
på lista
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[10] 15 4 15. juni 1977
 Belgia, Flandern (BRT Top 30)[11] 6 8 21. mai 1977
 Frankrike (IFOP)[12] 1 31 1. april 1977
 Nederland (Nationale Top 30)[13] 23 4 21. mai 1977
 Storbritannia (UK Singles Chart)[14] 42 4 28. mai 1977
 Sveits (Schweizer Hitparade)[15] 2 9 21. mai 1977
 Sverige (Sverigetopplistan)[16] 5 7 3. juni 1977
 Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[17] 19 9 6. juni 1977
  1. «Marie Myriam ‎– L'oiseau Et L'enfant». discogs.com. Henta 19. februar 2017. 
  2. «VG-lista (søkbar database)». VG Nett. Henta 19. februar 2017. 
  3. «France National Final 1977». National Finals Pages. Henta 19. februar 2017. 
  4. «Eurovision Song Contest 1977». eurovision.tv. Henta 19. februar 2017. 
  5. «Eurovision Song Contest 1977 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 19. februar 2017. 
  6. «VG-lista for 'Swiss Lady'». VG Nett. Henta 19. februar 2017. 
  7. «Liste over sertifiseringer i Frankrike (velg Marie MYRIAM fra nedtrekkslista)». InfoDisc.fr. Henta 19. februar 2017. 
  8. «Kids Unitedet – L'oiseau et l'enfant». lescharts.com. Henta 19. februar 2017. 
  9. «Marie Myriam – Diskografi». discogs.com. Henta 19. februar 2017. 
  10. «L'oiseau et l'enfant». austriancharts.at. Henta 19. februar 2017. 
  11. «'L'oiseau et l'enfant' på Ultratop». ultratop.be. Henta 19. februar 2017. 
  12. «Velg Marie MYRIAM fra nedtrekkslista». infodisc.fr. Henta 19. februar 2017. 
  13. «Dutch Charts - dutchcharts.nl». www.dutchcharts.nl. Henta 19. februar 2017. 
  14. «L'oiseau et l'enfant – chart history». Official Charts Company. Henta 19. februar 2017. 
  15. «Die Offizielle Schweizer Hitparade und Music Community». www.hitparade.ch. Henta 19. februar 2017. 
  16. «L'oiseau et l'enfant på Sverigetopplistan». swedishcharts.com. Henta 19. februar 2017. 
  17. «Offisiell tysk liste (skriv Marie Myriam i søkefeltet)». Offizielle Deutsche Charts. Henta 19. februar 2017.