Jens Spahn
Jens Spahn | |||
| |||
Fødd | 16. mai 1980 (44 år) Ahaus | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Tyskland | ||
Parti | Christlich Demokratische Union (1997) | ||
Yrke | politikar, statsvitar | ||
Utdanna ved | Fernuniversität in Hagen | ||
Ektefelle | Daniel Funke | ||
Medlem | Junge Union Deutsche Atlantische Gesellschaft Ludwig-Erhard-Stiftung | ||
Alle verv |
|
Jens Georg Spahn[1] (fødd 16. mai 1980) er ein tysk politikar (CDU). Sidan 2002 er han medlem av Forbundsdagen og sat frå 2005 til 2009 i helsekomitéen i det tyske parlamentet. I tillegg jobba han frå 2006 til 2010 for eit lobby-selskap innan helse- og legemiddelsektoren.[2] Mellom 2015 og 2018 var han parlamentarisk statssekretær i det tyske finansdepartementet og har sidan 14. mars 2018 vore helseminister i Angela Merkel si fjerde regjering.
Opphav, utdanning og privatliv
[endre | endre wikiteksten]Spahn voks opp saman med to yngre søsken i den tyske bygda Ottenstein.[3] Han tok avsluttande eksamen ved gymnaset i Ahaus i 1999 og byrja deretter ei dual yrkesutdanning innan bankvesenet hos WestLB i Münster som han avslutta i 2001.[4] Ved sida av å sitje i parlamentet, studerte Spahn mellom 2003 og 2017 statsvitskap ved universitetet i Hagen på deltid og oppnådde dei akademiske gradane Bachelor of Arts (2008) og Master of Arts (2017).[5]
Spahn er homofil. Men han understreka i eit intervju med eit tysk magasin i 2012 at han som «politikar ikkje definerer seg over homofilien sin». Difor driv han ikkje med «homofil klientellpolitikk», men prøver «som helseekspert å løyse problema i vår tid».[6] Han bur i Berlin saman med sin ektemann Daniel Funke som er sjef-lobbyist hos eit tysk mediekonsern. Bryllaupet vart halde på slott Borbeck i Essen den 22. desember 2017 og utført av ordførar Thomas Kufen. Jens Spahn er katolikk og var ministrant i ungdomstida.[7][8][9]
CDU-politikar og offentlege embete
[endre | endre wikiteksten]Spahn melde seg inn i Junge Union i 1995 og i CDU i 1997. Frå 1999 til 2006 var han formann i Junge Union, Borken og sidan 2005 har han vore formann i CDU sitt kommuneforbund. Frå 2009 til 2015 sat han i kommunestyret i heimekommunen Borken.[10]
Jens Spahn fekk i 2002, 2005, 2009, 2013 og 2017 direkte mandat til Forbundsdagen.[11] I forbundsdagsvalet 2017 fekk han 51,2 prosent av fyrstestemmane.
Helseminister (sidan 2018)
[endre | endre wikiteksten]Den 14. marsj 2018 blei Jens Spahn utnemnd til helseminister av forbundspresidenten Frank-Walter Steinmeier.[12] Spahn er den yngste ministeren i Merkel si fjerde regjering.
Korona-pandemi
[endre | endre wikiteksten]I byrjinga av 2020 reagerte Spahn forholdsvis seint, då den nye covid-19-pandemien blei erklært som internasjonal helsekrise den 30. januar 2020.[13] Omtrent tre månadar seinare tilrådde han å avlyse alle store arrangement. I midten av mars 2020 blei tilrådingene i den tyske pandemi-risikoanalysen sett i verk.[13]
Då den fyrste infeksjonen blei konstatert i Tyskland i januar 2020, sa Spahn at det ikkje var grunn til overdriven bekymring, fordi Tyskland var godt førebudd.[14] Omtrent to veker etterpå forklarte han i helsekomitéen i parlamentet at faren for ein pandemi på det dåverande tidspunktet var urealistisk.[13]
Spahn var imot innreisekontrollar på tyske flyplassar som tiltak mot utbreiinga av koronaviruset til å begynne med, men vedtok seinare å innføre dette.[15] På same tid var han kritisk til at landa i EU hadde forskjellige reglar for å takle pandemien.[16]
Den 24. februar forklarte han at strengare tiltak (bl.a. avlysing av store arrangement, stenging av barnehagar og skular) kunne følgje, dersom viruset skulle fortsette å utbreie seg i same tempo.[17] To dagar etterpå ba han helseministrane i delstatane om å aktivere pandemiplanane.[18]
Etter at infeksjonstala i Tyskland hadde nådd 670 i byrjinga av mars, frarådde han å reise til Italia og til Nordrhein-Westfalen, då desse to områda var svært hardt ramma av pandemien.[19]
Spahn slutta seg til forslaget om å stramme inn smittevernlova som gjev forbundsregjeringa større fridom til å gripe inn i kompetanseområda til delstatane.[20] Spahn støtta tiltak for å auke produksjonskapasiteten for munnbind i innlandet. Målet var å produsere opp til 50 millionar munnbind i månaden ifrå august.[21] Den 21. oktober 2020 blei Jens Spahn testa positiv for koronaviruset. Han blei sendt i karantene etter resultatet, men viste berre svake symptom.[22]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Moritz von Uslar: 79 Fragen an Jens Spahn ZEITMagazin NR. 22/2017 29. mai 2017. Henta 2. september 2017 (på tysk).
- ↑ FOCUS Online: Im Nebenjob Abgeordneter. 4. desember 2012. Henta 19. august 2020 (på tysk).
- ↑ arkivlenkje (26. august 3024 i Internet Archive, på tysk)
- ↑ www.jens-spahn.de Arkivert 2017-09-06 ved Wayback Machine. henta 2. april 2018 (på tysk).
- ↑ Spahn, Jens, «Profil», www.jens-spahn.de (på tysk), arkivert frå originalen 29. oktober 2021, henta 30. desember 2020.
- ↑ „Meine Art zu lieben“ Spiegel, 19. november 2012
- ↑ «Jens Spahn über Katholizismus und Politik | DOMRADIO.DE», www.domradio.de (på tysk), henta 30. desember 2020.
- ↑ Maximilian Plück: Clever & smart., rp-online.de, 27. desember 2015 (på tysk).
- ↑ Jens Spahn: Glaube ist keine Privatsache katholisch.de, 19. september 2017 (på tysk).
- ↑ arkivlenkje (5. november 2015 i archive.today, på tysk)
- ↑ arkivlenkje (11. januar 2014 i Internet Archive, på tysk)
- ↑ Das neue Kabinett auf einen Blick, spiegel.de. Henta 14. mars 2018 (på tysk).
- ↑ 13,0 13,1 13,2 tagesschau.de, «Corona-Ausbruch in Deutschland: Die verlorenen Wochen», tagesschau.de (på tysk), henta 30. desember 2020.
- ↑ Spahn zu Coronavirus: Kein Grund für übertriebene Sorge (på tysk), henta 30. desember 2020.
- ↑ Coronavirus. „Die Gefahr wurde verharmlost.“ Rhein-Neckar-Zeitung, 26. februar 2020 (på tysk).
- ↑ Stephan Ueberbach: EU und das Coronavirus: Alles unter Kontrolle? Website https://www.tagesschau.de/, 13. februar 2020. Henta 20. februar 2020 (på tysk).
- ↑ mdr.de: Spahn rechnet mit Ausbreitung von Coronavirus |MDR.DE. Henta 4. mai 2020 (på tysk).
- ↑ n-tv Nachrichten: Spahn spricht von „Beginn einer Epidemie“. Henta 4. mai 2020 (på tysk).
- ↑ Tagesschau 6. mars 2020: Coronavirus: Spahn warnt vor Reisen in Risikogebiete
- ↑ «Bund will Länder in der Corona-Bekämpfung entmachten». Henta 21. mars 2020.
- ↑ Ben Mc Partland: Germany to make ‘50 million face masks a month’. TheLocal.de. 17. april 2020. Henta 19. mai 2020 (engelsk).
- ↑ tagesschau.de, «Gesundheitsminister Spahn positiv auf Coronavirus getestet», tagesschau.de (på tysk), henta 30. desember 2020
- Denne artikkelen bygger på «Jens Spahn» frå Wikipedia på tysk, den 30. desember 2020.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Michael Bröcker: Jens Spahn. Die Biografie. Herder, Freiburg i. B. 2018, ISBN 978-3-4513-8336-6.
- Rei Gesing og Gudrun Panicke-Schulz med Jens Spahn (føreord): Burnoutschutz ABC für Pflegende. Agenda, Münster 2019, ISBN 978-3-89688-647-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (på tysk)
- Jens Spahn på Lobbypedia (på tysk)