iPhone 4
IPhone 4 | |||
| |||
iPhone 4 i svart | |||
Produsent | Apple | ||
---|---|---|---|
Lansert | 24. juni 2010 | ||
Operativsystem | iOS | ||
Minne | 512 MB LPDDR-DRAM | ||
Lagring | 8, 16 eller 32 GB | ||
Batteri | 3,7 V, 5,3 W·h (1420 mA·h) Lithium-ion-batteri | ||
Storleik | Høgd: 115,2 mm Breidd: 58,6 mm Djupn: 9,3 mm | ||
Vekt | 137 g |
iPhone 4 er ein smarttelefon som var utvikla og marknadsført av Apple Inc. Han er den fjerde generasjonen iPhone,[1] oppfølgjaren til iPhone 3GS og forgjengaren til iPhone 4S. Telefonen vart annonsert 7. juni 2010 under Worldwide Developers Conference i San Francisco og utgjeven 24. juni 2010 i USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Japan. iPhone 4 introduserte ein ny design til iPhone-serien, som den administrerande direktøren i Apple, Steve Jobs, hevda var den tynnaste smarttelefonen i verda på den tida. Telefonen bestod av ei innfatning i rustfritt stål som fungerte som antenne, med dei internekomponentane lokalisert mellom to panel av glas i aluminiumsilikat.[2]
iPhone 4 introduserte skjermen «Retina Display» med ein pikseltettleik på 326 pikslar per tomme, medan han vidareførte storleiken og skjermtilhøvet frå forgjengarane, Apple A4-prosessoren og iOS 4, som la til multitasking og FaceTime for videosamtalar. Han var den første iPhonen med eit kamera på framsida.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Pachal, Peter (8. oktober 2011). «Remembering Steve Jobs: His Best Keynote Moments». PC Magazine (Ziff Davis). Arkivert frå originalen 30. mars 2012. Henta 8. oktober 2011.
- ↑ Diaz, Jesus (7. juni 2010). «iPhone 4: The Definitive Guide». Gizmodo. Henta 19. juni 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- iPhone 4 – Offisielle spesifikasjonar