Hildur
Utsjånad
Hildur er eit kvinnenamn som har komme via islandsk frå norrønt Hildr.[1] Dette var namnet til ei valkyrje i norrøn mytologi. Namnet tyder 'strid', og ei anna form av same namnet er Hild.[1]
Hildur og Hild har i Noreg namnedag 18. januar.[1]
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet var ein god del bruka rundt førre hundreårsskifte, men frå midten av 1920-åra har bruken av namnet gått attende, og i siste halvdelen av 1900-talet var det få jenter som fekk dette namnet.
- I folketeljinga frå 1801 var namnet ikkje registrert.
- I 1900 var 1358 listeførte med namnet i formene Hildur eller Hildor, ei heitte Hildør.
- I 2008 hadde 1768 kvinner Hildur til første fornamn,
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Hildur Andersen (1864–1956), norsk pianist
- Hildur Hult (1872–1904), svensk biletkunstnar
- Hildur Emma Dixelius (1879–1969), svensk forfattar
- Hildur Os (1913-2009), norsk politikar (Ap)
- Hildur Krog (f. 1922), norsk botanikar
- Hildur Alice Nilsson (f. 1924), svensk musikar og skodespelar betre kjend som Alice Babs
- Hildur Horn Øien (f. 1940), norsk politikar
- Hildur Jackson (f. 1942), dansk forfattar og miljøvernar
- Hildur Vestergaard (f. 1968), færøysk politikar
- Hildur Bjarnadóttir (f. 1969), islandsk biletkunstnar
- Hildur Ársælsdóttir (f. 1980), islandsk musikar i bandet Amiina
- Hildur Guðnadóttir (f. 1982), islandsk cellist
- Hildur Vala Einarsdóttir (f. 1982), islandsk Idol-deltakar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
- Søk etter norsk namnestatistikk for Hildur hjå Statistisk Sentralbyrå
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Hildur hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet