Hitra
Utsjånad
- Denne artikkelen handlar om øya. For kommunen, sjå Hitra kommune.
Hitra | |
---|---|
Frå Hitra, med Nordbotn kyrkje | |
Geografi | |
Stad | Hitra kommune
|
Areal | 571,5 km²
|
Høgaste punkt | Mørkdalstuva (345 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Trøndelag
|
Hitra er ei øy som ligg i Hitra kommune i Trøndelag fylke, sørvest for munninga av Trondheimsfjorden. Utanfor Hitra ligg øya Frøya. Hitra er den sjuande største øya i Noreg og den største sør for Lofoten. Det høgaste punktet på øya er Mørkdalstuva på 345 moh. Langs kysten mot sør, vest og nord er naturen på øya prega av vêrhardt kystklima med nakne lyngheiar. I det indre av øya finst furuskog, fjellterreng og store myrflater med rikt fugleliv.
Hausten 2004 opna Statkraft 24 vindmøller på Eldsfjellet med samla maksimal yting på 55 MW, og ei 10 km lang kraftleidning til Fillan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Hitra – øy i Hitra kommune» i Store norske leksikon, snl.no.