Hensonhest
Hensonhest eller henson er ein fransk hesterase som er avla fram ved å krysse fjording med ulike varmblodshestar.
Raseskildring
[endre | endre wikiteksten]Hensonhesten er blakk og mankehøgda ligg mellom 150 cm og 160 cm. Hesten ber tydeleg preg av å stamme frå fjordingen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Arbeidet med hensonhesten tok til på 1970-talet, då fjordhest vart kryssa med andre rasar for å få fram ein allsidig og nøysom fritidsridehest med evne til å leve utandørs heile året. Mellom anna vart den franske rasen angloarabar brukt i avlsarbeidet. Hensonhesten er den nyaste av dei franske hesterasane, og vart godkjent av franske styresmakter som eiga rase i 2003.
Førekomst
[endre | endre wikiteksten]Kjerneområdet til hensonhesten er ved Somme-bukta i Frankrike. Flokkar med hestar går ute året rundt.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Hensonhesten er mykje brukt til turriding og andre former for fritidsriding.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nettsida til Espaces Equestres Henson Arkivert 2012-02-04 ved Wayback Machine.
- Nettsida til det franske hensonforbundet Arkivert 2012-03-08 ved Wayback Machine.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Henson» frå Wikipedia på fransk, den 25. april 2012.