Helene
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Helene (fleirtyding).
Helene og Helena er kvinnenamn avleidd frå det greske Ελένη som tyder 'lysande' eller 'strålande' (som ein fakkel). Det har gjeve opphav til ei rekke andre namneformer, som Helen, Elena, Ellen og Elaine. I moderne gresk er namnet Eleni.
Namnet er kjend frå gresk mytologi, og blir først nemnd i Iliaden, forteljinga om Trojanarkrigen, som blei kjempa om den vene Helene, den venaste kvinna i verda. Dei greske sogene fortel også om andre namneberarar: Amasonekrigaren Helene, dotter av Tityrus, som døydde i kamp mot Akilles, og ei venninne av Venus, som fekk hjelp av gudinna til å forføra Adonis.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Keisarinne Helena (257-337), gemalinna til Constantius Chlorus
- Helene Schjerfbeck (1862-1946), finlandssvensk kunstnar
- Hélène Prévost (1867-1905), fransk tennisspelar
- Helene Engelmann (1898-1985), austerriksk kunstløpar
- Helene C. Kløvstad (1903–1998), norsk omsetjar
- Helene Mayer (1910-1953), tysk fektar
- Helene Madison (1913-1970), USA-amerikansk symjar
- Hélène Cixous (f. 1937), fransk forfattar
- Helena Takalo (f. 1947), finsk langrennsløpar
- Helena Dam á Neystabø (f. 1955), færøysk politikar
- Helene Tursten (f. 1956), svensk forfattar
- Helene Uri (f. 1964), norsk forfattar og språkforskar
- Helena Suková (f. 1965), tsjekkoslovakisk tennisspelar
- Helena Bonham Carter (f. 1966), engelsk skodespelar
- Helene Rask (f. 1980), norsk modell
- Helene Bøksle (f. 1981), norsk songar og skodespelar
- Helena Olsson Smeby (f. 1983), svensk-norsk skihoppar
- Helena Ekholm (f. 1984), svensk skiskyttar
- Helene Olafsen (f. 1990), norsk snøbrettkøyrar
- Helene Bergsholm (f. 1992), norsk skodespelar
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]- St. Helena er eit britisk oversjøisk territorium i Atlanterhavet.
- I nyare tid er namnet gjeve til asteroiden Helena og saturnmånen Helene.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Helene» frå Wikipedia på bokmål, og «Helene (gresk mytologi)» frå Wikipedia på bokmål den 26. mars 2008.