Hartmut Weber
Utsjånad
Hartmut Weber | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 17. oktober 1960 (64 år) Kamen |
Idrett | friidrett |
Utmerkingar | Mannschaft des Jahres |
Hartmut Weber (fødd 17. oktober 1960) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Vest-Tyskland. Han vart i 1982 europameister på 400 meter.
Under EM i friidrett 1982 i Athen gjorde Weber sitt livs beste løp då han vann gullmedaljen på 400 meter på tida 44,72 sekund. I den same meisterskapen var han med på å ta gull også i 4 x 400 meter stafett, saman med Erwin Skamrahl, Harald Schmid og Thomas Giessing. Året etter kom Weber på femteplassen i 400-meterfinalen då VM i friidrett 1983 vart avvikla i Helsinki. Siste dagen i verdsmeisterskapen sprang han Vest-Tyskland inn til sølv i 4 x 400 m stafett, etter Erwin Skamrahl, Jörg Vaihinger og Harald Schmid hadde fullført sine etappar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Hartmut Weber (Leichtathlet)» frå Wikipedia på tysk, den 5. september 2023.