Hanne
Utsjånad
Hanne er eit kvinnenamn danna som ei kortform av Johanne eller som ein variant av Hanna. Begge namna har tydingar knytt til nåde.
Namnet er særs utbreidd i Danmark, der det var det tredje mest brukte blant alle kvinner i 2007. Det blei særleg mykje gjeve til jenter fødde på 1940- og 1950-talet. I Noreg var namnet blant dei mest gjevne i tida 1960–1990.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Hanne Darboven (f. 1941), tysk kunstnar
- Hanne Bakke von Clemm (f. 1946), ordførar i Gjerdrum
- Hanne Aga (f. 1947), norsk diktar
- Hanne Krogh (f. 1956), norsk songar og tekstforfattar
- Hanne Boel (f. 1957), dansk musikar
- Hanne Bjurstrøm (f. 1960), norsk politikar (Ap)
- Hanne Hegh (f. 1960), norsk handballspelar
- Hanne Harlem (f. 1964), norsk jurist og politikar
- Hanne Grasmo (f. 1966), redaktør i Cupido
- Hanne Haugland (f. 1967), norsk høgdehoppar
- Hanne Ørstavik (f. 1969), norsk forfattar
- Hanne Myren (f. 1973), norsk filmregissør
- Hanne Hukkelberg (f. 1979), norsk musikar
- Hanne Sørvaag (f. 1979), norsk MGP-deltakar og tekstforfattar
- Hanne Bergheim (f. 1986), norsk musikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hanne» frå Wikipedia på bokmål, den 5. januar 2009.