Hatari
Hatari | |||
| |||
Aktiv | 2015– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | techno, synth-punk | ||
Prisar | Icelandic Music Awards |
Hatari er eit islandsk techno-punkrock performance-band frå Reykjavík.[1][2] Bandet består av Klemens Hannigan, Matthias Haraldsson og Einar Stefánsson. Bandet har gjeve ut éin EP og fleire singlar, og dei er kjende for sine performance-aktige liveframsyning og BDSM-inspirerte scenekostyme. Hatari skildrar seg sjølve som ein «anti-kapitalistisk-, BDSM-, techno- og performance kunst-gruppe».[3] Hatari vann den islandske musikktevlinga Söngvakeppnin 2019 og representerte Island i Eurovision Song Contest 2019 med songen «Hatrið mun sigra».[4] Bandet hamna på tiandeplass i finalen og vakte oppsikt då dei heldt opp palestinske flagg under avrøystinga.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Hatari vart skipa i 2015 av Hannigan og Haraldsson, og etter kvart slutta Stefánsson seg til gruppa. Dei hadde si fyrste framsyning under festivalen Iceland Airwaves i 2016 og spelte på nytt i festivalen i 2018.[5]
Gruppa gav ut sin debut-EP, Neysluvara, i oktober 2017. EP-en resulterte i to musikkvideoar: «Ódýr» og «X».[6]
Påska 2018 stod gruppa bak «dommedagsfestivalen» Háskar, med artistar, DJ-ar og band frå undergrunnsscena i Reykjavík.[7][8]
Eurovision Song Contest 2019
[endre | endre wikiteksten]I desember 2018 slapp bandet sin tredje singel, «Spillingardans», og hevda samstundes at dei hadde oppløyst gruppa sidan dei ikkje hadde lukkast med å «få slutt på kapitalismen».[3] I januar 2019 vart likevel gruppa stadfesta som ein av ti deltakarar til den islandske utveljinga til Eurovision Song Contest, Söngvakeppnin 2019. Hatari vann tevlinga 2. mars og representerte Island i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv med songen «Hatrið mun sigra» (hatet vil sigra).[4] I finalen hamna gruppa på tiandeplass av 26 deltakarar.[9]
Bandet fekk stor merksemd under Eurovision Song Contest og truga fleire gonger med politiske stunt. Tevlinga vart dette året arrangert i Tel Aviv i Israel, og Hatari utfordra statsminister Benjamin Netanyahu til brytekamp og kom med fleire andre politiske ytringar.[10] Eurovision Song Contest skal vere ei upolitisk tevling, og arrangøren EBU åtvara bandet om at dei hadde «nådd grensa av kva EBU kunne tolerere».[11] Under avrøystinga i finalen heldt bandet opp banner og skjerf med det palestinske flagget på, og vart møtt med kraftig buing og piping frå publikum.[12] EBU varsla i etterkant av finalen at flagg-stuntet ville «få konsekvensar».[13]
Kort tid etter tevlinga gav Hatari ut ein ny singel, «Klefi/ Samed», saman med den palestinske musikaren Bashar Murad.[14]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]EP-ar
[endre | endre wikiteksten]Tittel | Detaljar | Høgste
listeplassering | ||
---|---|---|---|---|
ISL | ||||
Neysluvara |
|
— | ||
«—» markerer at innspelinga ikkje nådde lista. |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]Tittel | År | Høgste listeplassering |
Album | |||
---|---|---|---|---|---|---|
ISL | ||||||
«Ódýr» | 2017 | — | Neysluvara EP | |||
«X» | — | |||||
«Spillingardans» | 2019 | — | Ikkje frå album | |||
«Hatrið mun sigra» | 1 | |||||
«Klefi / Samed (صامد)» | – | |||||
«—» markerer at innspelinga ikkje nådde lista. |
Utmerkingar og nominasjonar
[endre | endre wikiteksten]År | Utmerking | Kategori | Arbeid | Resultat | Kjelde |
---|---|---|---|---|---|
2017 | Grapevine Music Awards | Beste live-framsyning | Hatari | Vinnar | [15] |
2018 | The Reykjavík Grapevine | Beste live-framsyning | Hatari | Vinnar | [16] |
Iceland Music News | Musikkvideo-prisen | «Spillingardans» | Vinnar | [17] | |
Íslensku tónlistarverðlaunin | Årets låt – rock | «Spillingardans» | Nominert | [18] [19] | |
Årets artist | Hatari | Nominert | |||
2019 | Söngvakeppnin | Söngvakeppnin 2019 | «Hatrið mun sigra» | Vinnar | [4] |
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «5 reasons why Hatari won Iceland Airwaves». Reykjavik on Stage. Henta 10. februar 2019.
- ↑ «Iceland: Hatari wins Söngvakeppnin 2019 with "Hatrið mun sigra"». 2. mars 2019. Henta 4. mars 2019.
- ↑ 3,0 3,1 «Bondage-Synth-Punk Trio Hatari Announce Final Gig After Failing To Dismantle Capitalism». Fröken Ltd. Henta 10. februar 2019.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Hatari win Iceland's ticket for Eurovision!». EBU. Henta 3. mars 2019.
- ↑ «Hatari dominates penultimate night of Iceland Airwaves 2018». The Line of Best Fit. Henta 10. februar 2019.
- ↑ «Neysluvara EP». Svikamylla ehf. Henta 10. februar 2019.
- ↑ «Grapevine Music Awards 2019: Shout Out – R6013 & HÁSKAR». Fröken Ltd. Henta 10. februar 2019.
- ↑ «Háskar: March 30th “Doomsday Festival” Approaches In Reykjavík». Fröken Ltd. Henta 10. februar 2019.
- ↑ «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.
- ↑ «Icelandic Eurovision Hopefuls Hatari Challenge Israeli PM Netanyahu To A Wrestling Match» (på engelsk). 7. februar 2019. Henta 9. juni 2019.
- ↑ «Iceland: Hatari Have Reached The Limit Of The EBU's Tolerance» (på engelsk). 14. mai 2019. Henta 9. juni 2019.
- ↑ Røssl, Marthe Ihle Marie (19. mai 2019). «Pipekonsert etter Islands Eurovision-stunt» (på norsk). Henta 9. juni 2019.
- ↑ «Islands flaggstunt kan bli straffet» (på norsk). Henta 9. juni 2019.
- ↑ «Icelandic band Hatari are back with a new single». 24. mai 2019. Henta 9. juni 2019.
- ↑ «It’s The Winners Of The Fifth Annual Grapevine Music Awards!». Fröken Ltd. Henta 10. februar 2019.
- ↑ «Grapevine Music Awards: Best Live Band – Hatari». Fröken Ltd. Henta 10. februar 2019.
- ↑ «See the award winning HATARI music video that blew everybody's mind in 2018». Iceland Music News. Henta 10. februar 2019.
- ↑ «The Nominees For The Icelandic Music Awards Are Here». The Reykjavik Grapevine. Henta 25. februar 2019.
- ↑ «Tilnefningar til Íslensku tónlistarverðlaunanna». Iston. Henta 25. februar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Hatari» frå Wikipedia på bokmål, den 9. januar 2021.