Høyrespel
Høyrespel er dramatikk laga ved hjelp av lyd, og er særleg blitt brukt i radio.[1]
Utgangspunktet er ein dramatisk tekst som kan vera spesialskriven for radiomediet eller tilrettelagd frå eit sceneskodespel. På grunnlag av denne teksten vil ein regissør og ein lyddesignar saman med skodespelarar spela inn replikkar og eventuelt lydeffektar. Deretter følgjer ein periode med redigering der det blir lagt til klangar, lydkulisser og spesialeffektar.
Høyrespel er dyr radio men billig dramatikk. Dei er enklare å produsere enn både teater og film. Høyrespelet kombinerer dei litterære kvalitetane til teateret med klippehastigheiten frå film. I tillegg har høyrespel-mediet moglegheiter som film og teater ikkje har, ikkje minst i utforskinga av parallelle tids- og røyndomslag.
I Noreg har særleg NRK Radioteatret produsert høyrespel.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Larsen, Svend Erik Løken (17. oktober 2019). «hørespill». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- Denne artikkelen bygger på «Hørespill» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Norske høyrespel
- Kriminalhørespill og serier i Radioteatret 1951-2004
- Kriminalhørespill i Radioteatret 1952-2005
- NRKS P2-teatrets hørespillarkiv 1930-2001
- Førjulshørespillet "Koks i lasten" fra 5080-Bloggen
- Utanlandske høyrespel