Kuçovë
Kuçovë | |||
---|---|---|---|
Hovudgate i Kuçovë | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Berat | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 160,23 km² | ||
Flatevidd - By |
157 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) |
31 262[1] | ||
Koordinatar | 40°48′14″N 19°54′52″E / 40.80389°N 19.91444°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Plassering | |||
Kuçovë kommune innafor regionen Berat |
Kuçovë er ein by og ein kommune i regionen Berat i Albania. Kommunen ligg sentralt i den sørlege delen av landet og grensar i nord til regionen Elbasan.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Kuçovë vart slått saman med landkommunane Kozare, Perondi og Lumas.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Kuçovë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Kuçovë 12 654 innbyggjarar, medan dei fire kommunane som i dag utgjer storkommunen Kuçovë, til saman hadde 31 262 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
[endre | endre wikiteksten]Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Kuçovë ein del av distriktet Kuçovë saman med landkommunane Kozare og Perondi, medan landkommunen Lumas høyrde til distriktet Berat.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Kuçovë.[2]