Krigsmotstand
Krigsmotstand kan visa til folkeleg engasjement mot all krig eller mot krig i ein særskild samanheng. Slik motstand kan vera knytt til ei viss politisk eller religiøs overtyding, eller ha annan bakgrunn. Det kan uttrykkast gjennom ytringar og aktivisme i meir eller mindre organisert form. Nokre døme på motstand er gjennom antikrigsdemonstrasjonar, militærnekting, desertering og kunstnariske uttrykk.
Krigsmotstand kan ha samband med generell pasifisme, freds- og nedrustingsarbeid, men treng ikkje ha det. I andre høve kan folk vera imot den politiske grunngjevinga for ein krig og likevel støtta militærmakt i andre samanhengar.
Nokre grupper som særleg har vore knytte til krigsmotstand er dei tradisjonelle «fredskyrkjene» (Church of the Brethren, kvekarar og mennonnittar) og den motkulturelle hippierørsla på 1960-talet.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Jon Olav Skålid, «Krigsmotstand før og nå» Arkivert 2014-08-13 ved Wayback Machine. i forskning.no (23. mars 2008)
- Christian Ringdal, «Vietnam – hvordan amerikansk imperialisme ble slått av en massebevegelse» Arkivert 2015-05-14 ved Wayback Machine. i Internasjonale Sosialister (22.11.2001)
- Janne Haaland Matlary, «Krigsmotstand spiller liten rolle» i aftenposten.no (15. aug. 2010)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anti-war movement» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juli 2012.