Klagenfurt am Wörthersee
Klagenfurt am Wörthersee | ||
---|---|---|
Lindorm-fontena i Klagenfurt | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land Delstat |
Austerrike Kärnten | |
Geografi | ||
Flatevidd | 120,12 km² | |
Flatevidd - By |
120,11 km² | |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
92 404 750/km² | |
Koordinatar | 46°37′N 14°18′E / 46.617°N 14.300°E | |
Høgd over havet | 446 m | |
Tidssone | UTC+01:00, UTC+2 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Postnummer | 9020 | |
Telefon-retningsnummer | 0463 | |
Bilnummer | L | |
Heimeside: www.klagenfurt.at | ||
Plassering | ||
Plasseringa av Klagenfurt |
Klagenfurt am Wörthersee (slovensk Celovec) er hovudstaden i delstaten Kärnten i Austerrike ved elva Glan. Han har om lag 90 000 innbyggjarar, og rundt 1 700 av desse er kärntiske slovenarar, som utgjer om lag 10 % av innbyggjarane i Kärnten.
Byen vart først nemnd på 1100-talet.
Det er ein vakker by omgitt av dei austerrikske Alpane, ein populært skistad, og med talrike parkar og 23 slott i området rundt. Om sommaren vert festivalen Altstadtzauber arrangert og Ingeborg Bachmann Preis, ein tysk litteraturpris, vert delt ut her. Viktige landemerker er Wörthersee og Schloß Hochosterwitz, eit imponerande og utilgjengeleg slott. Byen ligg ved breidda av Wörthersee, den varmaste fjellinnsjøen i Europa, og ein populær turiststad. Området vert kalla Austerrike sitt svar på Monte Carlo, og trekkjer til seg rike austerrikarar og tyskarar som kjem for å sjå og bli sett.
Byen har eige universitet og flyplass, og det finst òg eit slovensk gymnasium her.
Sport
[endre | endre wikiteksten]Fottballklubben FC Kärnten held til i Klagenfurt.
Folk frå Klagenfurt
[endre | endre wikiteksten]Av kjende personar som har budd i byen er
- Robert Musil (1880—1942), forfattar
- Josef Stefan (1835–1893), fysikar
- Anton Webern (1883–1945), komponist,
- Ingeborg Bachmann (1926-1973), forfattar
Like i nærleiken, i landsbyen Maiernigg, hadde Gustav Mahler sommarhuset sitt.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Lendkanal i sentrum av Klagenfurt
-
Stadthaus
-
Klagenfurt krigsgravplass
-
Klagenfurt domkyrkje
-
Lindwurm Brunnen i sentrum av Klagenfurt
-
Regionalparlamentet i Klagenfurt