Hopp til innhald

Karbonmonoksid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Modell av eit molekyl CO. Oksygen er vist med raudt og karbon med svart.

Karbonmonoksid (CO) er ei kjemisk sambinding av eit karbonatom og eit oksygenatom. Bindinga er kovalent. Den luktfrie gassen er òg kjend som kolos.

Karbonmonoksid vert danna ved ufullstendig forbrenning. Eksos er ei kjelde til utslepp. Bilkatalysatorar omdannar karbonmonoksid til karbondioksid.

Biologisk rolle

[endre | endre wikiteksten]

Karbonmonoksid er giftig å pusta inn i store mengder fordi det kan binda seg til hemoglobin i staden for oksygen. Ein konsentrasjon i lufta av 0,1 % karbonmonoksid kan vera døydelge.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Karbonmonoksid
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.