Kornisk
Kornisk Kernowek | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Keltisk Øykeltisk Brittonsk | |
Bruk | ||
Tala i | Storbritannia | |
Område | Cornwall | |
Kornisktalande i alt | 3500 | |
Skriftsystem | Latinsk | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Cornwall | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | kw | |
ISO 639-2 | cor | |
ISO 639-3 | cor |
Kornisk (kornisk Kernowek) er eit keltisk språk, i den brittonske greina av dei øykeltiske språka. Den næraste slektningen til kornisk er bretonsk.
Kornisk vart snakka i Cornwall fram til slutten av 1700-talet, med spreidd kunnskap om rim, regler, og framfor alt stadnamn på kornisk gjennom 1800-talet. Revitaliseringa av kornisk tok til med Henry Jenner si Handbook of the Cornish Language, som kom ut i 1904. I dag har kornisk mellom 100 og 500 talarar, og kanskje så mange som 3500 som har kjennskap til språket.
Skriftspråk
[endre | endre wikiteksten]Tradisjonell kornisk
[endre | endre wikiteksten]Revitalisert kornisk
[endre | endre wikiteksten]Revitaliseringa av kornisk tar til med Henry Jenner sitt arbeid, i 1904. Etter det har det vorte utarbeidd fire ulike revisjonar av Jenner sitt arbeid, basert dels på ulike periodar av klassisk kornisk, og dels på ulike ortografiske prinsipp.
- Sameint kornisk, Unified Cornish (Nance: Kernewek Unyes)
- Moderne kornisk, Modern Cornish (Gendall’s Curnoack Nowedga)
- Felles kornisk, Common Cornish (George’s Kernewek Kemmyn)
- Revidert sameint kornisk, Unified Cornish Revised (Williams’ Kernowek Unys Amendys)
Sameint kornisk
[endre | endre wikiteksten]Sameint kornisk (Unified Cornish, UC) vart innført av Robert Nance med læreboka hans Cornish for All, 1929, og det representerer den første splittinga i revitaliseringsarbeidet til kornisk. Til skilnad frå Jenner, som tok utgangspunkt i 1700-talskornisk (moderne kornisk / seinkornisk), ville Nance sameine revitalisert kornisk med mellomalderkjeldene (derfor namnet). Sameint kornisk var det første praktiske framlegget til eit revitalisert kornisk, og det var i nesten 60 år den einaste standarden for revitalisert kornisk. Stavemåten var standardisert, og det Nance laga ord på basis av walisisk og bretonsk som ikkje var belagt i korniske tekstar, og publiserte dei i dei kornisk ordbøkena (1934, 1938).
Moderne kornisk, eller seinkornisk
[endre | endre wikiteksten]På 1970-talet var sameint kornisk kritisert for ikkje å vere i stand til å uttrykke ein del fonologiske distinksjonar som må ha vore til stades i klassisk kornisk. Tidleg på 1980-talet publiserte Richard Gendall eit nytt system som var basert på 1700-tals-tekstar, t.d. Nicholas og John Boson, William Rowe og Thomas Tonkin. Dette systemet vart av tilhengarane kalla moderne kornisk, eller revidert moderne kornisk, for å skilje den moderne versjonen frå 1700-talskornisk. Motstandarane kalla det seinkornisk, for å la ordet "moderne" stå for all revitalisert kornisk.
Felles kornisk
[endre | endre wikiteksten]Eit anna initiativ, som kom omtrent samstundes, kom frå Ken George. I 1986 presenterte han ei ny rettskriving, kernewek kemmyn, eller felles kornisk. Det tok utgangspunkt i mellomkornisk, men la ein fonologisk analyse til grunn, innretta ortografien etter denne fonologiske analysen, og presenterte reglar for uttale. Dette systemet fekk godkjenning av Kesva an Taves Kernewek/The Cornish Language Board, og fleirtalet av dei kornisktalande bruker dette systemet.
Revidert sameint kornisk
[endre | endre wikiteksten]Felles kornisk møtte kritikk, ein av dei meir systematiske kritikarane var Nicholas Williams, som i 1995 presenterte kernowek unys amendys, eller revidert sameint kornisk. Dette systemet bygde, som namnet seier, vidare på sameint kornisk, og det la mellomkornisk til grunn. Revidert sameint kornisk prøver også å vere eit regelmessig system, men samanlikna med felles kornisk ligg det nærare dei attesterte tekstane.
Situasjonen i dag
[endre | endre wikiteksten]Kornisk har fått støtte frå EU i revitaliseringsarbeidet, og The Cornish Language Development project har i 2007 sett i gang ein prosess for å kome fram til ein ortografi for kornisk.
Viktige årstal i revitaliseringsarbeidet:
[endre | endre wikiteksten]- 1904: Henry Jenner publiserer si Handbook of the Cornish Language, starten på revitaliseringsarbeidet. Jenner orientere seg primært mot seinkornisk.
- 1928: Etter forbilete frå walisisk Gorsedd og bretonsk Goursez blir det oppretta ein kornisk Gorsedh.
- 1929: Robert Morton Nance publiserer Cornish For All, der han legg fram ein ny ortografi, meir innretta etter mellomkornisk. Denne ortografien blir kalla Kernewek Unys, og er i allmenn bruk fram til 1986.
- 1938: Nance publiserer ei Cornish-English Dictionary.
- 1984: Den første korniske romanen, An Gurun Wosek a Geltya (Den blodige krona til Keltia) av M. Bennetto blir offentleggjort.
- 1986: Den første splittinga i målrørsla: Richard Gendall byrjar undervisning i rekonstruert seinkornisk (Curnoack Nowedga).
- 1986: Ken Georges forslag til ei rettskrivingsreform etter det fonologiske rekonstruksjonen i hans The Pronunciation and Spelling of Revived Cornish blir godkjend. Kernewek Kemmyn blir den nye standarden.
- 1992: Standardordboka for Kernewek Kemmyn, Gerlyver Kernewek Kemmyn: An Gerlyver Meur, kjem ut.
- 1995: Nicholas Williams kritiserer alle dei tre varantane som har vore i bruk så langt, og gjer framlegg om ein ny ortografi, Kernowek Unys Amendys. Denne ortografien er ei vidareutvikling av Kernowek Unys.
- 2000: English-Cornish Dictionary: Gerlyver Sawsnek-Kernowek, standardorboka for KUA, kjem ut.
- 2002: Storbritannias regjering anerkjenner kornisk som eit språk som gjer krav på status som minoritetsspråk. An Testament Nowydh, Det nye testamentet, kjem ut i KUA.
- 2004: Nytestamentet kjem ut i KK.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Ferdinand, Siarl (2013). Brief History of the Cornish language, its Revival and its Current Situation. ''E-Keltoi'', Vol. 2, 2 Dec. pp. 199–227
- Daily Telegraph 2002 - Cornish has been granted a comeback (estimat over talarar)
- Om revitaliseringa av kornisk Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.