Kompasset
Kompasset | |
---|---|
Latinsk namn | Pyxis |
Forkorting | Pyx |
Genitivsform | Pyxidis |
Symbologi | Frå skipet Argo Navis |
Rektasensjon | 9 h |
Deklinasjon | −30° |
Areal | 221 kvadratgrader nr. 65 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
0 |
Sterkaste stjerne | α Pyx (3,68. mag.) |
Meteorsvermar |
Ingen |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +50° og −90° | |
Kompasset (frå latin Pyxis) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Kompasset er heilt synleg frå breiddegrader sør for 53 grader nord og er best synleg på kveldshimmelen frå januar til mars. Den mest lyssterke stjerna er Alfa Pyxidis med storleiksklasse 3,68.
Kompasset vart innført av Nicolas Louis de Lacaille på 1700-talet. Han kalla det Pyxis Nautica, men namnet vart forkorta. Stjernebiletet ligg nær dei som danna det gamle stjernebiletet Argo Navis.
Karakteristikk
[endre | endre wikiteksten]Kompasset er eit lite stjernebilete som grensar til Vasslangen i nord, Akterstamnen i vest, Seglet i sør og Luftpumpa i aust. Dei offisielle grensene til stjernebiletet vart sett av Eugène Delporte i 1930.
Kjende objekt
[endre | endre wikiteksten]Stjerner
[endre | endre wikiteksten]Med ein tilsynelatande storleiksklasse på 3,68, er Alfa Pyxidis den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet. Ho er ei blåkvit stjerne med spektralklasse B1.5III som ligg kring 880 lysår unna.[1] Den nest mest lyssterke stjerna har stprleiksklasse 3,97 er Beta Pyxidis, ei gul lyssterk kjempe eller superkjempe med spektralklasse G7Ib-II kring 420 lysår unna.[2] Ho har ei følgjestjerne med storleiksklasse 12,5 skild av 9 bogesekund.[3] Gamma Pyxidis er ei oransje kjempe med spektralklasse K3III som ligg kring 207 lysår unna. Den tilsynelatande storleiksklassen er 4,03.[4] Kappa Pyxidis vart katalogisert, men fekk ikkje Bayernemning (gresk bokstav) av Lacaille, men Gould følte at stjerna var lyssterk nok til å få ein bokstav.[5] Kappa er eit fleirstjernesystem med ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,58 og ligg 500 lysår unna. Hovudkomponenten er ei oransje kjempe med spektralklasse K4/K5III.[6] Theta Pyxidis er ei raud kjempe med spektralklasse M1III og halvregulær variabel med to målte periodar på 13 og 98,3 dagar, og har ein tilsynelatande storleiksklasse på 4,71 i snitt. Ho ligg 500 lysår unna.[7]
4 grader nordaust for Alfa ligg T Pyxidis,[8] ei dobbeltstjerne som ligg kring 3 300 lysår frå jorda. Ho er ein periodisk nova og vart så lys som 7. storleiksklasse i 1890, 1902, 1920, 1944, 1966 og 2011, medan ho vanlegvis har 14. storleiksklasse.
TY Pyxidis er ei formørkande dobbeltstjerne med ein samla tilsynelatande storleiksklasse 6,9. Dei to komponentane har begge spektralklasse G5IV,[9] og ein masse på 1,2 solmassar og ein diameter på 2,2 gonger sola vår. Dei krinsar rundt kvarandre kvar 3,2 dagar.[10] Systemet er klassifisert som ein RS Canum Venaticorum-variabel og ligg kring 184 lysår unna.[9] RZ Pyxidis er ei anna formørkande dobbeltstjerne, med to unge stjerner som er mindre enn 200 000 år gamle. Begge er varme, blåkvit stmerner med spektralklasse B7V og er kring 2,5 gonger så store som sola våre. Den eine er fem gonger så lsyserk som sola og den andre kring fire gonger så lyssterk.[11] Systemet er klassifisert som ein Beta Lyrae-variabel, med ein midla tilsynelatande storleiksklasse på 9,1 og ligg kring 1220 lysår unna.[12] AK Pyxidis er ei raud kjempe med spektralklasse M5III og er ein halvregulær variabel med ein midla tilsynelatande storleiksklasse på 6,42.[7] VY Pyxidis er ein BL Herculis-variabel (kefeide), som varierer mellom tilsynelatande storleik 7,13 og 7,40 over ein periode på 1,23995 dagar.[13]
Den nærmaste stjerna til jorda i stjernebiletet er Gliese 318, ein kvit dverg med spektralklasse DA5 og tilsynelatande storleiksklasse 12,00,[14] som ligg 26 lysår unna.[15] WISEPC J083641.12-185947.2 er ein brun dverg som ligg kring 72 lysår frå jorda og vart oppdaga med infraraud astronomi i 2011.
Kompasset har tre stjerner med stadfesta planetsystem: HD 73256 er ei gul stjerne med spektralklasse G9V og ein varm jupiter, HD 73256 b, som har ei omlaupstid på 2,55 dagar. Ho ligg 119 lysår unna. HD 73267 er ei stjerne med ein planet HD 73267 b som har ei omlaupstid på 1260 dagar. Gliese 317 er ein raud dverg kring 50 lysår unna som har to gasskjemper i omlaup. Systemet er ein god kandidat for framtidig leiting etter framtidige jordaktige planetar.[16]
Djupromsobjekt
[endre | endre wikiteksten]Kompasset ligg i planet til Mjølkevegen, men ein del av den austlege delen som er mørk, med materie som dekkar galaksearmen vår der. NGC 2818 er ei planetarisk tåke som ligg innafor ein lyssvak open hop med storleiksklasse 8,2.[17] NGC 2613 er ein spiralgalakse med storleiksklasse 10,5 som er spindelforma sett frå jorda.[18]
Henize 2-10 er ein dverggalakse som ligg kring 30 million lysår unna. Han er kjend for å ha eit svart hòl på kring ein million solmassar i sentrum. Han er ein starburstgalakse på grunn av særs hyppig stjernedanning og har ein blåaktig farge på grunn av mange unge stjerner.[19]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pyxis» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Inglis, Mike (2004). Astronomy of the Milky Way: Observer's Guide to the Southern Sky. Springer. ISBN 1852337427.
- Andersen, J.; Popper, D. M. (1975). «The G-type eclipsing binary TY Pyxidis». Astronomy and Astrophysics 39: 131–34. Bibcode:1975A&A....39..131A.
- Anglada-Escude, Guillem; Boss, Alan P.; Weinberger, Alycia J.; Thompson, Ian B.; Butler, R. Paul; Vogt, Steven S.; Rivera, Eugenio J. (2012). «Astrometry and radial velocities of the planet host M dwarf Gliese 317: new trigonometric distance, metallisitet and upper limit to the mass of Gliese 3,7 b» (PDF). The Astrophysical Journal 764 (1): 37A. Bibcode:2012ApJ...746...37A. arXiv:1111.2623. doi:10.1088/0004-637X/746/1/37.
- Bell, S. A.; Malcolm, G. J. (1987). «RZ Pyxidis – an early-type marginal contact binary». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 227: 481–500. Bibcode:1987MNRAS.227..481B. ISSN 0035-8711. doi:10.1093/mnras/227.2.481.
- Motz, Lloyd; Nathanson, Carol (1988). The Stjernebilete. New York City: Doubleday. ISBN 978-0-385-17600-2.
- O'Meara, Stephen James (2007). Steve O'Meara's Herschel 4,0 Observing Guide. Cambridge University Press. ISBN 0521858933. line feed character in
|ref=
at position 5 (hjelp) - Russell, Henry Norris (October 1922). «The New International Symbols for the Constellations». Popular Astronomi 30: 469. Bibcode:1922PA.....30..469R.
- Sion, Edward M. (2009). «1.The White Dwarfs Within 20 Parsecs of sola: Kinematics and Statistics». The Astronomical Journal 138 (6): 1681. Bibcode:2009AJ....138.1681S. arXiv:0910.1288. doi:10.1088/0004-6256/138/6/1681.
- Tabur, V.; Bedding, T. R. (2009). «Long-term photometry and periods for 2,1 nearby pulsating M giants». Monthly Notices of the Royal Astronomical Society 400 (4): 1945–61. Bibcode:2009MNRAS.400.1945T. arXiv:0908.3228. doi:10.1111/j.1365-2966.2009.15588.x.
- Wagman, Morton (2003). Lost Stars: Lost, Missing and Troublesome Stars from the Catalogues of Johannes Bayer, Nicholas Louis de Lacaille, John Flamsteed, and Sundry Others. Blacksburg, VA: The McDonald & Woodward Publishing Company. ISBN 978-0-939923-78-6.
Online-kjelder
- «Henize 2–10: A Surprisingly Close Look at the Early Cosmos». Chandra X-Ray Observatory. NASA. Henta 6. oktober 2012.
- «Pyxis, Constellation Boundary». The Stjernebilete. International Astronomical Union. Henta 6. oktober 2012.
- Kaler, Jim. «Alfa Pyxidis». Stars. University of Illinois. Henta 6. oktober 2012.
- Ridpath, Ian (1988). «Pyxis». Star Tales. Henta 8. oktober 2012.
- «Beta Pyxidis – Star in Double system». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 7. oktober 2012.
- «CD-34 5128B – Star in double system». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 7. oktober 2012.
- «Gamma Pyxidis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 7. oktober 2012.
- «GJ 3,8 – White Dwarf». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 8. oktober 2012.
- «Kappa Pyxidis». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 8. oktober 2012.
- «RZ Pyxidis – Eclipsing binary of beta Lyr type (semi-detached)». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 8. oktober 2012.
- «TY Pyxidis – Variable of RS CVn type». SIMBAD Astronomical Database. Centre de Données astronomiques de Strasbourg. Henta 8. oktober 2012.
- ↑ Kaler, Alfa Pyxidis.
- ↑ SIMBAD Beta Pyxidis.
- ↑ SIMBAD CD-34 5128B.
- ↑ SIMBAD Gamma Pyxidis.
- ↑ Wagman 2003, s. 261-62.
- ↑ SIMBAD Kappa Pyxidis.
- ↑ 7,0 7,1 Tabur & Bedding 2009.
- ↑ Motz & Nathanson 1988, s. 383–84.
- ↑ 9,0 9,1 SIMBAD TY Pyxidis.
- ↑ Andersen & Popper 1975.
- ↑ Bell & Malcolm 1987.
- ↑ SIMBAD RZ Pyxidis.
- ↑ Wils, Patrick (15. november 2011). «VY Pyxidis». AAVSO Website. American Association of Variable Star Observers. Henta 13. juli 2014.
- ↑ SIMBAD GJ 318.
- ↑ Sion 2009.
- ↑ Anglada-Escude et al. 2012.
- ↑ Inglis 2004, s. 39.
- ↑ O'Meara 2007, s. 82.
- ↑ Henize 2–10.