Hopp til innhald

Kommunikasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein enkel kommunikasjonsmodell med ein sendar som overfører ein bodskap til ein mottakar. Modellen syner enveigskommunikasjon og tek ikkje omsyn til ytre variabler.

Kommunikasjon er utveksling av opplysningar, vanlegvis gjennom eit sams symbolsystem (t.d. eit språk). Omgrepet kan òg visa til samferdsle.

Menneskeleg kommunikasjon

[endre | endre wikiteksten]

Kommunikasjon kjem frå det latinske communicare, som tyder å gjere felles. Menneske kommuniserer for å utveksla kunnskap, røynsler og kjensler. Vanlege uttrykk er teiknspråk, talespråk, skriftspråk, rørsler og kringkasting. Den ikkje-verbale kommunikasjonen kan vi dele inn i auditiv og visuell kommunikasjon. Også pausen, eller stilla, har ein funksjon i kommunikasjon.

Kommunikasjon har også eit makt- og kontrollaspekt, og er ein reiskap for å både styre andre og meistre eigen livssituasjon. Kommunikasjon skaper felleskap og identitet.

Dyrekommunikasjon

[endre | endre wikiteksten]

Mange dyreslag kommuniserer òg med kvarandre ved hjelp av lyd, lukt og kroppspråk. Kvalar brukar til dømes kvalsong over store avstandar, hundar sender ut og mottek lukteinntrykk, og honningbier «dansar» kvar dei andre biene kan finna nektar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kommunikasjon
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.