Frode Thingnæs
Frode Thingnæs | |||
Fødd | 20. mai 1940 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Nore | ||
Død | 15. november 2012 (72 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | jazz | ||
Instrument | trombone | ||
Verka som | komponist, dirigent, orkesterleiar, jazzmusikar | ||
Gift med | Anne-Karine Strøm, Marianne Mørk | ||
Prisar | Kongens fortenestmedalje, Spellemannprisen i jazz, Kardemommestipendiet, Buddyprisen |
Frode Thingnæs (fødd 20. mai 1940 i Nore, død 15. november 2012) var ein norsk jazzmusikar (trombone), komponist, arrangør og orkesterleiar, utdanna ved Det kgl. musikkonservatorium i Danmark. Han spelte (1959-) i eit orkester leidd av Bjørn Jacobsen, Gunnar Brostigen, Mikkel Flagstad og Kjell Karlsen, han leidde eigne besetningar (1961-) og medverka på ei rekkje utgjevingar med Egil Kapstad, Terje Rypdal, Laila Dalseth, Espen Rud, Bjørn Alterhaug og Per Husby. Han blei nær engasjert i Count Basie-storbandet (1975).
På pop-fronten bidrog han ei tid i Popol Ace, samt dirigerte Kringkastingsorkesteret. Han skreiv (med Philip Kruse) musikken til Melodi Grand Prix-bidraga Hvor er du? (1974) og Mata Hari (1976), begge framført av Anne-Karine Strøm. Thingnæs var òg dirigent og medverkande i Forsvarets Stabsmusikkorps og i over 30 år dirigerte han Kampen Janitsjarorkester.
Thingnæs komponerte mykje, og er kanskje mest kjend for Wheels, samt Flåklypa-balletten (1985) på Den Norske Opera. Vidare har han produsert plater, bl.a. for Bodega Band (1977). Han gav ut langspelplata Watch what happens (Gemini Records) med Henryk Lysiak, Jan Erik Kongshaug, Pete Knutsen, Steffen Stokland, Svein Christiansen og Terje Gewelt. I den seinare tida leia han ein kvintett med Harald Gundhus.
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Buddyprisen av Norsk jazzforbund (1970)
- Årets verk frå NOPA for «Day in, Night out» (1976)
- Spellemannprisen 1980 i klassen jazz for Direct To Dish med Frode Thingnæs Quintet
- Gammleng-prisen i klassen jazz (1983)
- Kardemommestipendiet (av NOPA) (1995)
- Æresborgar av New Orleans (1999)
- Kongens fortenestmedalje i gull
- Statens arbeidsstipend for komponistar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- biografi frå Norsk Musikkinformasjon
- 60-års omtale Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine. frå Kampen Janitsjar
- trombonesonline.com Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine. har bilete og biografi
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Frode Thingnæs» frå Wikipedia på bokmål, den 5. mai 2008.
- Einskildmenn
- Fødde i 1940
- Døde i 2012
- Norske jazzkomponistar
- Vinnarar av Spellemannprisen
- Kongens fortenestmedalje i gull
- Folk frå Nore og Uvdal
- Norske trombonistar
- Melodi Grand Prix 1974-låtskrivarar
- Melodi Grand Prix 1976-låtskrivarar
- Melodi Grand Prix-vinnarlåtskrivarar
- Norske Eurovision Song Contest-låtskrivarar
- Eurovision Song Contest 1974-låtskrivarar
- Eurovision Song Contest 1976-låtskrivarar