Hopp til innhald

Flowcytometri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flowcytometri er eit omgrepp innan bioteknologi for ein laserbasert, biofysisk teknologi som blir brukt for å telje og sortere celler,[1] og for å oppdage biomarkørar og utvikle protein. Dette blir gjort ved å suspendere celler i ein straum av væske og føre dei rundt med eit elektronisk registreringsapparat. Teknikken opnar for samstundes multiparameteranalyse av dei fysiske og kjemiske kjenneteikna ved opp til tusen partiklar per sekund.

Flowcytometri (sjå òg cytometri) er rutinemessig brukt i diagnosen av sjukdommar, særleg blodkreft, men har òg bruksområde i grunnforsking, klinisk praksis og kliniske studiar. Ein vanleg variasjon er å sortere partiklane etter eigenskapar, for derved å rense populasjonar av interesse.

  1. Kierulf, Peter (13. februar 2009). «flowcytometri». Store Medisinske Leksikon. Henta 13. januar 2015. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Flowcytometri
Spire Denne biologiartikkelen som har med teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.