Force India
Force India er eit indisk Formel 1-lag oppretta i 2007 av den indiske forretningsmannen Vijay Mallya saman med nederlendaren Michiel Mol. Saman kjøpte dei Spyker F1-stallen for 88 millionar euro.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Sjølv om laget vart oppretta i 2007, kan røtene sporast tilbake til 1991, då forretningsmannen Eddie Jordan oppretta Jordan Grand Prix. Det britiske laget vart kjøpt av Midlandgruppa i 2005 og gjekk sesongen 2006 som Midland F1 før laget vart kjøpt opp av nederlandske Spyker Cars N.V. ved slutten av sesongen. Det like kortliva Spyker F1 fekk konkurrere ein sesong, før laget igjen vart seld. 24. oktober 2007 kunngjorde FIA namnebytet til Force India.[1]
2008-sesongen
[endre | endre wikiteksten]Bilane som Force India nytta i denne sesongen var modifiserte Spyker F8[2] chassis som går under det nye namnet Force India VJM01. Stallen nytta motorar frå Ferrari i ei avtale som gjekk fram til 2010.[3] . Force India hadde kontrakt med Adrian Sutil frå den gamle Spyker F1-stallen og Giancarlo Fisichella som kom frå Renault F1.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «FIA approve Spyker's Force India name change». Formula 1 Website (Formula One Administration Ltd). 24. oktober 2007. Henta 24. oktober 2007.
- ↑ «Force India sticking with the F8-VII». uk.eurosport.yahoo.com. 13. november 2007. Henta 16. november 2007.
- ↑ «Spyker's Dr Vijay Mallya». Formula One. Henta 24. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]
Konstruktørar og førarar som konkurrerer i Formel 1 meisterskapen i 2024 | ||||||||||
Ferrari | Kick Sauber | Alpine | Williams | Red Bull | RB | Mercedes | Aston Martin | McLaren | ||
16 Charles Leclerc 55 Sainz |
2 Sargeant 23 Albon |
1 Verstappen 11 Pérez |
44 Hamilton 63 Russell |
14 Alonso 18 Stroll |
4 Norris 63 Piastri |