Hopp til innhald

Eiril

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eiril og Eirill er kvinnenamn avleidd av Eirhild, som har opphav i dei norrøne orda eir, 'nåde, fred' eller 'lindring', og hildr, 'slag, kamp'.

Eiril har namnedag den 5. april i Noreg.

Namnet er sjeldan, og er svært lite brukt utanfor Noreg. Det er truleg nyskapt på 1900-talet. Det er ingen personar med dette namnet, eller variantar av det, i dei norske folketeljingane frå 1801, 1865, 1875 og 1900.[1]

  1. Bokmålswikipedia oppgav «Digitalarkivet». Arkivverket.  Folketellinger i Norge