Edna
Utsjånad
Carl Van Vechten]]
]] Edna er eit engelsk kvinnenamn av to moglege opphav; keltisk og hebraisk. Det har norsk namnedag den 31. oktober.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]På Irland har Edna vore brukt som ei anglisert form av Eithne, som tyder 'kim, kjerne'.
Ein annan mogleg inspirasjon er Ednah, eit hebraisk ord som opptrer i fleire apokryfe skrifter, som Tobits bok. Det tyder då 'glede, herlegdom' og er knytt til ordet Eden.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet kom til England på 1500-talet.
Edna var mykje brukt i USA rundt 1890-talet, då rundt 1,00 % av nyfødde jenter kunne få namnet.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Edna May (1878-1948), amerikansk artist, fødd Edna Pettie
- Edna May Oliver (1883-1942), USA-amerikansk skodespelar
- Edna Ferber (1885–1968), amerikansk forfattar
- Edna St. Vincent Millay (1892–1950), amerikansk forfattar
- Edna Parker (1893-2008), verdas eldste person i 2008
- Edna Purviance (1895–1958), amerikansk stumfilmskodespelar
- Edna Best (1900-1974), britisk skodespelar
- Edna Manley (1900-1987), jamaicansk kunstnar
- Edna Hughes (1916-1990), britisk symjar
- Edna O'Brien (f. 1932), irsk forfattar
- Edna Annie Proulx (f. 1935), kanadisk forfattar
- Edna Madzongwe (f. 1943), zimbabwisk politikar
Annan bruk
[endre | endre wikiteksten]«Dame Edna Everage» er ein rollefigur spelt av den australske komikaren Barry Humphries (f. 1934).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- «Edna» ved behindthename.com
- «Edna» i Store norske leksikon, snl.no.
- Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), A Dictionary of First Names, Oxford University Press