Hopp til innhald

Edwin Herbert Land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Edwin Herbert Land

Fødd7. mai 1909
Bridgeport
Død1. mars 1991
Cambridge i Massachusetts
NasjonalitetUSA
Områdeoptikk, Krystalloptikk
Yrkeoppfinnar, gründer, fysikar, fotograf
Alma materHarvard University
Norwich Free Academy
MedlemRoyal Society
American Academy of Arts and Sciences
American Philosophical Society
National Academy of Sciences

Edwin Herbert Land (7. mai 19091. mars 1991) var ein amerikansk fysikar og oppfinnar. I 1937 grunnla han Polaroid Corporation og leia selskapet fram til 1982.

Frå 1981 var han president og forskingssjef ved Rowland Institute for Science og han var professor ved Massachusetts Institute of Technology frå 1956. Land utvikla ein metode for framstilling av polarisatorar for lys i form av store plater kalla polaroidark. Han viste at dette kunne nyttast i solbriller, frontglas på bilar. lyskastarar, tredimensjonal film og anna.

I 1947 presenterte han eit nytt kamera, eit polaroidkamera kalla eit Land-kamera, der den fotografiske framstillinga føregjekk i sjølve kameraet like etter at filmen var eksponert, og biletet kunne takast ut etter kring eitt minutt. Seinare vart i laboratoriet hans òg utvikla fargefilm for bruk i polaroidkamera.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Edwin Herbert Land