Drikking
Utsjånad
Drikking er det å ta til seg drikke gjennom munnen, og er nødvendig for å oppretthalda væskebalansen i kroppen for ei rekkje organismar. Drikking er også knytt til nyting, sosial omgang og ulike seremoniar og skikkar. Ein kan drikka ei rekkje typar varm og kald drikke. Ofte er «drikking» ei omskriving for inntak av alkoholhaldig drikke.