Dream, After Dream
Dream, After Dream Studioalbum av Journey | ||
Utgjeve | 10. desember 1980 | |
Innspelt | 13. til 22. oktober 1980 | |
Studio | CBS/Sony Shinanomaki Studios i Tokyo i Japan | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 35:22 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Kevin Elson, Journey | |
Journey-kronologi | ||
---|---|---|
Departure (1980) |
Dream, After Dream | Captured (1981)
|
Dream, After Dream er eit filmmusikkalbum av det amerikanske rockebandet Journey for den japanske fantasifilmen Yume, Yume No Ato regissert av motedesigneren Kenzo Takada. Albumet kom ut i desember 1980 på Columbia Records og var det sjuande albumet deira. Filmusikken overskugga sjølve filmen og var eit kraftig steg til sides frå arenarocken bandet hadde spelt på dei tre førre albuma sine. Her gjekk dei attende til dei progressive rockerøtene sine og baserte seg på kompleks, musikalsk dugleik og instrumentalar.
Dream, After Dream har tre spor med vokal av ni spor i alt, «Destiny», «Sand Castles» og «Little Girl». «Little Girl» kom seinare ut som B-side til singelen «Open Arms» og var med på samleplata Time3. Han var òg bonusspor på 2006-utgåva av Departure og 2011-utgåva av Greatest Hits 2. «Destiny» er den lengste songen bandet spelte inn.
Det var det siste albumet med det opphavlege medlemmet Gregg Rolie.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
AllMusic skreiv om albumet at det var «eit av dei mest oversedde albuma i katalogen til Journey. Dream, After Dream er eit fint døme på kor undervurderte Journey var som musikarar og kan tilrådast for fans av bandet.»[1] Dave Marsh, som var ein ivrig motstandar av bandet, var enno meir entusiastisk og skildra albumet som «det beste bandet spelte inn i 1980-åra».[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Destiny» | Neal Schon, Steve Perry | 8:54 |
2. | «Snow Theme» | Ross Valory | 3:24 |
3. | «Sandcastles» | Gregg Rolie, Perry | 4:44 |
4. | «A Few Coins» | Rolie, Schon, Steve Smith, Perry, Valory | 0:40 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Moon Theme» | Schon, Perry | 4:35 |
6. | «When the Love Has Gone» | Schon | 4:02 |
7. | «Festival Dance» | Rolie, Schon, Smith, Perry, Valory | 0:57 |
8. | «The Rape» | Valory | 2:11 |
9. | «Little Girl» | Schon, Perry, Rolie | 5:48 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Bandmedlemmar
- Steve Perry – solovokal, produsent
- Neal Schon – gitar, vokal, produsent
- Gregg Rolie – klaverinstrument, piano, munnspel, vokal, produsent
- Ross Valory – bassgitar, vokal, produsent
- Steve Smith – trommer, perkusjon, produsent
- Andre medverkande
- Eiji Arai, Yasuo Hirauchi, Tadataka Nakazawa, Sumio Okada - trombone
- Toshio Araki, Yoshikazu Kishi, Kenji Yoshida, Takatoki Yoshioka - trompet
- Takashi Fukumori, Hachiro Ohmatsu, Kiyoshi Ohsawa, Masatsugu Shinozaki - fiolin
- Hiroto Kawamura, Kazuo Okamoto - cello
- Masayuki Yamashiro - horn
- Strykarar og horn arrangerte og dirigerte av Matthew A. Schon
- Produksjon
- Kevin Elson - produsent, lydteknikar, miksing
- Akira Fukada, Geoff Workman - lydteknikar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dream After Dream» frå Wikipedia på engelsk, den 28. mai 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Journey Dream After Dream review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 28. mai 2020.
- ↑ Marsh, Dave. «Great, Forgotten Records». New Book of Rock Lists. Sidgwick & Jackson. 1994.