Distriktet Kerýnia
Kerýnia | |||
Επαρχία Κερύνειας Girne kazası | |||
distrikt | |||
Land | Kypros | ||
---|---|---|---|
Del av | Kypros, Nord-Kypros | ||
Areal | 643,922 km² | ||
Folketal | 32 586 (1973) | ||
Distriktet Kerýnia 35°19′38″N 33°18′50″E / 35.327128°N 33.3138632°E | |||
Kart som viser plasseringa av distriktet Kerýnia på Kypros.
| |||
Wikimedia Commons: Kyrenia District |
Distriktet Kerýnia[a] er eit distrikt i Republikken Kypros. Distriktet ligg på nordsida av øya Kypros og har eit areal på 640 kvadratkilometer.[1]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har heile distriktet vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros som distriktet Girne.[2]
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Utviklinga av folketalet i distriktet (frå 1996 er det tal frå folketeljingar i Nord-Kypros):
År | Folketal | Kjelde |
---|---|---|
1901 | 16 808 | [1] |
1921 | 21 615 | [1] |
1931 | 22 659 | [1] |
1946 | 28 174 | [1] |
1960 | 30 946 | [1] |
1973 | 32 586 | [1] |
1996 | 35 943 | [3] |
2006 | 57 902 | [3] |
2011 | 69 163 | [3] |
Administrasjon
[endre | endre wikiteksten]Distriktsadministrasjonen i eksil i byen Levkosía (Nikosia) representerer den kypriotiske staten i distriktet. Fungerande leiar for distriktsadministrasjonen (gresk έπαρχος, éparkhos) er (i 2016) Andréas Louká.[4]
Kommunar og busetnader
[endre | endre wikiteksten]Distriktet har tre kommunar som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros (innbyggjartal 2011 i parentes):[2]
- Kerýnia (Girne) (21 319)
- Lápithos (Lapta) (5 748)
- Karavás (Alsancak) (5 595)
Utanom kommunane har Kerýnia 44 registrerte busetnader som er kontrollerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Dei største er (innbyggjartal 2011 i parentes):[2]
|
|
|
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Gwillim Law (1999). Administrative Subdivisions of Countries: A Comprehensive World Reference. s. 102.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «KKTC Nüfus Sayımı, 2011 – Folketeljing Nord-Kypros 2011» (PDF) (på tyrkisk). www.ktoeos.org. Arkivert frå originalen (PDF) 9. juli 2022. Henta 17. september 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Oversyn over folketeljingar i Nord-Kypros» (på engelsk). www.citypopulation.de. Arkivert frå originalen 15. juli 2023. Henta 17. september 2023.
- ↑ «Heimeside for distriktsadministrasjonen» (på gresk). www.moi.gov.cy. Arkivert frå originalen 9. oktober 2018. Henta 17. september 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]