Hopp til innhald

Derzelas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Derzelas (Darzalas) var ein dakisk eller trakisk ktonisk gud for overflod og underverda som var knytt til helse og åndeleg vitalitet.[1]

Darzalas var guden til Odessos (moderne Varna) under hellenismen, og blei ofte skildra på myntar[2] frå 300-talet f.Kr. til 300-talet e.Kr.[3] og framstilt i mange terrakottafigurar. Det er også funne ein sjeldan blyfigur av han frå 400-talet f.Kr. i byen.[4] Darzalas blei ofte framstilt i klesdrakta himation, haldande på overflodshorn med altar ved sida si. Det var eit tempel vigd han med ein kultstatue i byen, og det blei halde leikar (darzaleia) til hans ære kvart femte år. Den romerske keisaren Gordian III kan ha vore til stades då dei blei haldne i år 238.

Eit anna tempel vigd Derzelas blei bygd i Histria, ein gresk koloni på kysten av Svartehavet i det tredje hundreåret f.Kr.

Darzalas PeakTrinityhalvøya i Antarktis er kalla opp etter guden.[5]

  1. Gočeva, Zlatozara (1996). «Organization of Religious Life in Odessos». Kernos 9: 121–127. 
  2. «Thrace, Odessos - Ancient Greek Coins - WildWinds.com». 
  3. C. J. Howgego; Volker Heuchert; Andrew M. Burnett (2008). Coinage and Identity in the Roman Provinces. Oxford University Press. s. 110. ISBN 9780199237845. 
  4. https://web.archive.org/web/20070720025014/http://www.varna-bg.com/museums/archaeology/pictures/musexibit/darsalas.jpg
  5. «SCAR Composite Gazetteer». Arkivert frå originalen November 25, 2010.