Den tredje verda
Utsjånad
Den tredje verda, òg kalla det globale Sør, er eit omgrep som vert brukt for å skildra dei fattige landa i verda. Omgrepet har utspring i den vestlege verda under den kalde krigen, der den første verda vart brukt til å skildra dei vestlege kapitalistiske landa og den andre verda til å skildra Austblokka.[1] Den tredje verda utgjorde landa som korkje var allierte med Vesten eller Austblokka ved byrjinga av den kalde krigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Den tredje verden» frå Wikipedia på bokmål, den 18. oktober 2018.
- ↑ Eriksen, Tore Linnè (17. oktober 2018). «Den tredje verden». Store norske leksikon. Henta 22. oktober 2018.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Worsley, Peter: The Third World (1963)
- Kerala-hjelpen til India, artikkel ved Norgeshistorie.no