Den liguriske republikken
Utsjånad
Repubblica Ligure Den liguriske republikken | ||||
Klientstat i Det første franske keisardømet | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
Den italienske halvøya i 1796 | ||||
Hovudstad | Genova | |||
Språk | Italiensk | |||
Styreform | Republikk | |||
Historisk periode | Napoleonskrigane | |||
- Invadert av Frankrike | 14. juni 1797 | |||
- Annektert av Frankrike | Juni 1805 |
Den liguriske republikken (italiensk Repubblica Ligure) var ein kortvarig fransk klientrepublikk oppretta av Napoleon den 14. juni 1797. Han utgjorde den gamle Republikken Genova, som dekte det meste av regionen Liguria, nordvest i Italia. I juni 1805 vart området annektert av Franrkike og vart ein del av départementet Apennins.
Etter Napoleon sitt fall i 1814 vart Republikken Genova kortvarig gjenopptatt mellom 28. april og 28. juli. Etter Wienerkongressen vart derimot avgjort at den tidlegare republikken skulle gå til Kongedømet Kongedømet Sardinia og vart annektert 3. januar 1815. Den liguriske republikken nytta det tradisjonelle genuesiske flagget, ein raud kross på kvit bakgrunn.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ligurian Republic» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2007.