Den heilage Josef
Den heilage Josef | |||
| |||
Fødd | 30 f.Kr. | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Nasaret | ||
Daud | 20 | ||
Dødsstad | Nasaret | ||
Yrke | kroppsarbeidar, handverkar, tømrar, tektōn | ||
Helgendag | 19. mars, Q123467193 |
Josef frå Nasaret er ein skikkelse frå Det nye testamentet som var gift med jomfru Maria og tok på seg farsrolla for Jesus. Han er rekna som ein helgen i ortodoks, katolsk og anglikansk kristendom.
Josef er blant anna omtalt i første kapittel av Matteusevangeliet og andre kapittel av Lukasevangeliet, men Bibelen har få opplysingar om han. I følgje evangelia var Josef av slekta til kong David og trulova med Maria då ho fekk bodskapen om at ho skulle føda Guds son. Etter noko grubling tok Josef på seg oppgåva som den jordiske faren til Jesus. Josef er ute av bibelsoga då Jesus er blitt vaksen og har teke til å forkynna, og Maria er framstilt som enkje.
I det opphavlege greske nytestamentet er Josef skildra som tektōn (τεκτων), eit ord som vanlegvis er omsett som tømrar men som kan visa til ein kvar handverkar som arbeider med tre eller også stein eller jern. I kyrkjene der han er rekna som helgen vernar Josef om arbeidarar. I 1870 blei han også erklært som helgen for heile den katolske kyrkja, i lag med Sankt Peter, av pave Pius IX. Josef har fleire minnedagar, mellom anna 19. mars og 1. mai.
I mellomalderen og fram til om lag 1600-talet blei Josef ofte framstilt som ein gammal mann i kunst og litteratur. Dette stemte med tanken om at Josef og Maria levde i sølibat, samstundes som evangelia nemner Jesus sine søsken. Seinare har interessa for Josef vokse, og framstillingane har endra seg. Han er blitt yngre, meir aktiv i arbeid og ein viktigare del av den heilage familien.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Josef från Nasaret» frå Wikipedia på svensk, og «Saint Joseph» frå Wikipedia på engelsk den 19. mars 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]