Dalby
55°39′50.119″N 13°20′45.780″E / 55.66392194°N 13.34605000°E
- For kjende personar med etternamnet Dalby, sjå familienamnet Dalby
Dalby er ein landsby i Lunds kommun i Skåne län i Sverige, omtrent ti kilometer aust-søraust for Lund, og omtrent 20 kilometer aust-nordaust for Malmö. Innbyggjartalet var 5 517 i 2005.
Landsbyen har ei av dei eldste (kan hende den eldste) steinkyrkjene i Skandinavia, Dalby kyrka, og var i den tidlegaste kristne tida eit religøst sentrum og bispesete, før Lund tok over.
På tusentalet kan Dalby ha vore ein konkurrent til Uppåkra og Lund som eit maktsentrum i sørvestre Skåne, som i mellomalderen var ein lut av Danmark. I 1060 byrja den danske kongen Svend Estridsen å skipe eit religiøst senter i Dalby, og bygde ein kongebustad her. Skipet i den noverande steinkyrkja er frå same tid. Svend Estridsen blei seinare gravlagd i Dalby. Frå 1060 var Dalby bispedøme under biskop Egino, men så tidleg som i 1066 blei bispedømet flytta til Lund.
Den svenske kontrabassisten Dan Styffe er fødd i Dalby.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på melllom anna «Dalby» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2012.