Dagny Tande Lid
Utsjånad
Dagny Tande Lid | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. mai 1903 Nissedal |
Død |
28. januar 1998 (94 år) |
Yrke | illustratør, sjølvbiograf, kunstmålar, lyrikar, frimerkekunstnar, vitenskapelig illustratør, skribent, biletkunstnar |
Språk | norsk |
Ektefelle | Johannes Lid |
Dagny Tande Lid (25. mai 1903–28. januar 1998) var ein norsk målar, illustratør og lyrikar.
Dagny Tande var ei prestedotter fødd i Nissedal kommune i Telemark. Ho var gift med botanikaren Johannes Lid. Ho døydde i Oslo.
Lid oppnådde internasjonalt ry for planteteikningane sine, og ho er kjend for dei eigenillustrerte diktsamlingane sine, for botaniske illustrasjonar på norske frimerke og for illustrasjonane i Johannes Lids standardverk Norsk flora. Ho har også illustrert andre bøker om blomstrar, blant anna Olav Gjærevolls Fjellflora, som sidan 1952 har hatt eit samla opplag på 325 000 eksemplar.