Dagfrid
Utsjånad
Dagfrid er eit kvinnenamn, samansett av ledda dag og frid, jf norrønt fridr, som tyder vakker.
Dagfrid har namnedag i Noreg den 2. januar.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet er nylaga på 1800-talet. Den første kjende namnebæraren var Dagfrid Begljot Sæther i Kristiania, fødd 1880. Namnet har aldri vore spesielt mykje bruka, og det har vorte sjeldnare dei siste tiåra.
I folketeljinga i 1801 vart ingen listeførte med dette namnet.
I teljinga frå 1900 var det 22 personar som heitte Dagfrid og ei som heitte Dagfrida.
I 2008 var det 233 som hadde Dagfrid til første fornamn
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Dagfrid Kolås, norsk forfattar
- Dagfrid Hammersvik, norsk annonsesjef og leiar for Fagpressens markedsforum
- Dagfrid Enga Fenstad (f. 1949), norsk forretningskvinne og forfattar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4
- Søk etter norsk namnestatistikk for Dagfrid hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet