David Zwilling
David Zwilling | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 24. august 1949 (75 år) Abtenau |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1972 |
Utmerkingar | æresteikn i gull for tenester til den austerrikske republikken |
David Zwilling (fødd 24. august 1949) er ein austerriksk tidlegare alpin skirennar frå Abtenau i forbundslandet Salzburg som vann gull og sølv i alpin-VM 1974 og kom på andreplass i verdscupen i alpine greiner 1973.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Zwilling VM-debuterte i 1970 og vart nummer 13 i storslalåm under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina. To år seinare vart han nummer sju både i storslalåm og i utfor under Vinter-OL 1972 i Sapporo.
Under verdsmeisterskapen i alpine greiner 1974 i St. Moritz var Zwilling i sitt livs form. Han var heilt suveren i utforrennet og vann med over eitt sekunds margin til favoritten, landsmannen Franz Klammer. Seinare i meisterskapen tok Zwilling sølvmedaljen i slalåm, einast Gustav Thöni frå Italia rann fortare.
Zwilling vann to renn i verdscupen, begge i storslalåm. Fyrste sigeren kom på tampen av 1971-sesongen, den andre i desember 1972. Han vart nummer to i verdscupen i alpine greiner 1973, førnemnde Gustav Thöni var hans overmann.
Tidleg i OL-sesongen 1976 pådrog Zwilling seg ein alvorleg skade og la opp.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «David Zwilling» frå Wikipedia på tysk, den 28. desember 2014.