Doris Leuthard
Doris Leuthard | |||
| |||
Fødd | 10. april 1963 (61 år) Merenschwand | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Sveits | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Utdanna ved | Universitetet i Zürich | ||
Far | Leonz Leuthard | ||
Alle verv |
Doris Leuthard (fødd 10. april 1963) er ein sveitsisk politikar og jurist frå Merenschwand i kantonen Aargau. Ho har sidan 1. august 2006 vore medlem av forbundsrådet i Sveits, og var forbundspresident i 2010 og 2017. Frå 1. november 2010 var ho leiar av Miljø-, transport-, energi- og samferdsledepartementet.
Liv og gjerning
[endre | endre wikiteksten]Leuthard sat mellom 1999 og 2006 i den sveitsiske nasjonalforsamlinga, der ho dei to siste åra var partileiar for Kristelegdemokratane (CVD/PDC/PPD/PCD). Den 14. juni 2006 vart ho vald inn i forbundsrådet, som etterfylgjar til Joseph Deiss med 133 av 234 gyldige røyster. Ho vart dermed den 109 medlemen av forbundsrådet sidan 1848, og den femte kvinna. I og med at Leuthard vart vald, gjekk ein vekk frå ein lang praksis med å velje nokon frå same språkgruppa til etterfylgjar, då Deiss er fransktalande og Leuthard tysktalande.
Leuthard tiltredde som økonomiminister då ho vart medlem av forbundsrådet. I 2009 var ho visepresident i rådet, og i 2010 var ho forbundspresident. Den 1. november 2010 tok ho over leiinga for Miljø-, transport-, energi- og kommunikasjonsdepartementet etter at Moritz Leuenberger hadde gått av.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Doris Leuthard» frå Wikipedia på svensk, den 31. mars 2013.