Doris
Utsjånad
Doris er eit kvinnenamn av gresk opphav. Det har også vore noko brukt som mannsnamn. Namnet er i slekt med Dorris og Dory.
Doris har svensk namnedag den 6. februar og norsk den 7. august.
Tyding
[endre | endre wikiteksten]Det greske ordet doris (Δωρίς) tyder 'dorisk kvinne'. Doris er namnet på ei okeanide (ei havnymfe) i gresk mytologi.
Det kan også vera sett på som ei kortform av Dorothea (gresk Δωροθεα), der førsteleddet tyder 'gåve'.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet blei utbreidd i Europa på 1800-talet. Det var særleg brukt i USA på 1920- og 1930-talet, då 1,0 % og fleire av alle jenter fekk namnet. I Noreg hadde 573 kvinner førenamnet Doris i 2009.
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Doris Lessing (1919-2013), britisk forfattar
- Doris Day (1922-2019), amerikansk songar og skodespelar
- Doris Hart (1925-2015), USA-amerikansk tennisspelar
- Doris Roberts (1930-2016), USA-amerikansk skodespelar
- Doris Troy (1937-2004), USA-amerikansk songar
- Doris de Agostini (f. 1958), sveitsisk alpinist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Doris» frå Wikipedia på bokmål, og «Doris» frå Wikipedia på dansk den 6. februar 2009.
- Doris på behindthename.com
- Søk etter norsk namnestatistikk for Doris hjå Statistisk Sentralbyrå