Gudny
Utsjånad
Gudny er eit nordisk kvinnenamn sett saman av dei norrøne namnedelane Gud-, som tyder 'gud', og -ny, som tyder 'ny'. Gudny har namnedag den 16. mars. Ei anna form av namnet er Gunni.
Gudny har vore vanleg på Island sidan 900-talet. I 2004 var Guðný det 18. mest utbreidde kvinnenamnet.
Namnet har ei førekomst i Noreg i mellomalderen. Det var noko brukt etter reformasjonen. I nyare tid hadde det ein liten oppsving i bruken i mellomkrigstida, men blei seinare mindre vanleg. I 2009 var det 471 kvinner som heitte Gudny i Noreg.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Gudny Dalflyen (f. 1915), norsk omsetjar
- Gudny Dahlen (f. 1942), norsk musikar
- Gudny Fagerhol (f. 1949), norsk ordførar
- Gudny Aspaas (f. 1951), norsk songar
- Gudny Hagen (f. 1954), norsk forfattar og musikar
- Guðný Halldórsdóttir (f. 1954), islandsk filmskapar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Gudny hjå Statistisk Sentralbyrå
- Spørjekassa om namn[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Gudny» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mars 2009.